Får ikkje søkje anonymt

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg trur ikkje anonyme søkjarar vil hjelpe.
Foto: Ketil Jordan/NRKFylkeskommunen vil heller kvotere.
Publisert 11.03.2010 07:16.
- Kommentarer
- Skriv ut
NRK fortalde i går om den irakiske kvinna Chra Karim. Ho har fireårig utdanning som bioingeniør frå Irak, og har vidareutdanna seg innan pedagogikk og språkdidaktikk etter at ho kom til Norge.
Like vel vert ho sjeldan kalla inn til jobbintervju til jobbar ho er fullt kvalifisert for.
– Det må liggje noko bak det. Eg tenkjer jo at det er mitt namn. Eit framand namn, sa Karim.
Nei i Fylkestinget
I går handsama Fylkestinget eit forslag som ville gjort det mogleg for søkjarar å vore anonyme for den som kallar inn til intervju. Mange med utanlandske namn slit med det same som Karim, og målet med forslaget var at det kun er kvalifikasjonar som skal spele inn.
Men slik vart det ikkje. Fylkestinget stemde ned forslaget.
Vil heller kvotere
– No var det slik at me i 2008 laga ein tiltaksplan for likestilling og likeverd der to av tiltaka går på dette med at ein skal ha moderat kvotering av etniske minoritetar, og det går på at dersom dei er kvalifisert, skal minst ein av dei kallast inn til intervju, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
– Så om me då i dag hadde gått for dette med anonymisering, då hadde me jo ikkje kunne fulgt opp desse tiltaka. Og Fylkestinget vurderte tiltaka frå 2008 som mykje betre.
De vil heller kvotere folk både i arbeid og til intervju enn å anonymisere namn?
– Ja, for det vil gi dei ein større sjanse til å komme i arbeid. Og me har ein jobb å gjere i fylkeskommunen, for me har ikkje så mange frå etniske minoritetar som me skulle ønskje. Men det er aukande. Me ser i og for seg ei positiv utvikling. Men me ønskjer å snakke med dei, og det får me ikkje gjort om me anonymiserer.
– Tal frå Gøteborg syner at det vert kalla inn fleire innvandrarar?
– Ja, men dersom ein går nærare inn i dei undersøkjingane, så syner det at sluttresultatet ikkje er særleg gunstig for dei frå etnisk minoritet. Det har ikkje komme fleire inn.
Siste: NRK Hordaland
Nyhetsarkiv Hordaland
– Viktigst at pårørende takket ja - Ruspåvirkede førere stort problem
- 3 av 10 seter solgt i Eliteserien
- Bergen vinner – Hardanger taper
- Stor skilnad på bensinprisen
- 36 år gammel mann døde i ulykke
- Hurtigrute-TV er norsk kulturarv
- Mann til sykehus etter boligbrann
- Moteduo fra Bergen fikk designpris
- – Kunne mistet synet
- Vil rehabilitere Møhlenpris skole
- Danske blir ny festspilldirektør
- Kvinne døde etter kollisjon
- Har samlet inn DNA i Os
- En person omkom i møteulykke
- Vil gi bort «fuktskadd» miljøbombe
- Trafikkulykke på Haukeli
- Fortsatt kritisk for to skadde
- Frontkolliderte i tunnel
- Snøværet skaper trafikkaos
- Bergensluften kan bli enda verre
- Båt med tre tok inn vann
- Mann og kvinne kritisk skadd
- – Frp må si nei til økte bompenger
- Til sykehus etter utforkjøring
- Evakuerte folk på grunn av brann
- Tyver sendte redningsskøyte på rek
- Lagrer kulde og varme i bakken
- Nytt damanlegg på Gullfjellet
- Sykdom og bråk i Black Sabbath
- Storma ambassadar etter granatåtak
- - FN stemmer over Syria-resolusjon
- Kutter ned på gass-leveranser
- Dømt for beføling av mindreårig
- Armstrong slepp tiltale
- Jente ranet ved Nygårdsparken
- Bompenge-krangel mellom H og Ap
- 310 kanselleringar for Hurtigruten
- 12 års fengsel for drapet på Askøy
- Ønsker liste over mobbekommuner
- Togopprør mot 80-tallsvogner
- Navn på omkomne frigitt
- Vervet 222 i protest mot SV-leder
- Lars Vaular blir pappa i sommer
- Død 8-åring framleis eit mysterium
- Rygg og Andersland svarte lytterne
- Askøy-kvinne etterlyst av Interpol
- Ny konsernsjef i Rieber & Søn
- 30 personer evakuert etter brann
- To personer lettere skadet







