26.05.2012
SISTE FRA NRK.NO

– Eit unaturleg fenomen

Uvanleg mønster på isen i Arnavågen (Foto: John Halvor Sæle)

Åtte hol i isen blei oppdaga i Arnavågen i Bergen kommune. Rundt er det eit fleire meter breidt mønster.

Foto: John Halvor Sæle

Slik såg Arnavågen ut laurdag. John Halvor Sæle lurte på om ein meteoritt hadde falle ned.

Åtte hol i isen og eit mange meter breidt mønster. Sæle blei overraska då han kikka ned på Arnavågen i går.

– Eg har ikkje noko forklaring på kva det kan vera. Etter å ha lese om ein meteoritt i isen austpå ein stad lurte eg på om det kunne vera tilfellet også her, seier John Halvor Sæle til NRK Hordaland.

Mistenkelig hull i isen (Foto: Magnus Brenna-Lund)

Slik såg det ut på tjernet i Rakkestad.

Foto: Magnus Brenna-Lund

Tidlegare denne veka blei eit stort hol i isen oppdaga i Rakkestad kommune. Tysdag kveld skal ei blågrøn ildkule ha foke over den himmelen. Han som oppdaga holet lurte på om det kunne ha vore ein meteoritt.

Bjørn Sørheim meiner det har med smelteprosessen å gjera. For ti år sidan kom han over eit tilsvarande hol. Han fann ingen som hadde greie på slikt, og starta difor sjølv å forska på det.

Tok kontakt med astrofysikar

For å prøva å få svar på om holet i Arnavågen kunne stamma frå ein meteoritt tok Sæle kontakt med astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.

– Han meinte at det ikkje var snakk om nokon meteoritt. Det kunne ha noko med flo og fjære og temperaturen å gjera meinte Ødegaard, seier John Halvor Sæle.

Men Sæle var ikkje den einaste som tenkte at noko overnaturleg kunne ligga bak.

– Det er ingen her som har sett noko liknande tidlegare. Dette var fantastisk artig, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid til Bygdanytt. Etter å ha fått sett bilete av fenomenet meinte Fagerlid at møsteret minna om kornsirklar.

Meiner det finst ei naturleg forklaring

Men meteorologen er sikker på at det finst ei naturleg forklaring.

– Me trur det må ha kome varmt vatn nedanfrå på ein måte. Hola kan koma frå isfiske, seier Fagerlid til avisa.

Siste: NRK Hordaland