Hopp til innhold

Etterlyser etisk debatt

Aukande testing av gravide fører til at stadig fleire foster med Downs syndrom blir fjerna ved abort. Norsk Forening for Utviklingshemmede reagerer.

Video nsps_upload_2010_2_25_19_0_39_2462.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sidan 2002 har talet abortar av fostre med Downs syndrom nær femdobla seg. Viss utviklinga held fram vil det innan få år vera fleire abortar enn levande fødde born med Downs.

– Eg synest me har kome eit godt stykke på vegen i sorteringssamfunnet, Jens Petter Gitlesen, leiar Norsk Forening for Utviklingshemmede.

Forbundet etterlyser ein etisk debatt.

I dag er det inga grense for når eit foster med Downs syndrom kan fjernast. Grensa for abort av eit friskt foster er 12. svangerskapsveke.

KrF vil ha same tidsfrist for fostre med Downs, men i regjeringa får ikkje partiet gehør for å stramma inn lovverket. Dei vil heller satsa på hjelp til foreldre med vanskelege val.

Som dei fleste mødrer til born med Downs syndrom testa ikkje Camilla Schreiber seg i svangerskapet.

– Eg er veldig glad for at eg slapp å få det valet, seier Schreiber.