Hopp til innhold

Sløvåg-avfall fjerna

Etter mykje ventetid er endeleg avfallet frakta vekk.

Tankskip tømmer avfall i Sløvåg

Tankskipet Ruth Theresa tømmer avfall i Sløvåg.

Foto: Alexela Sløvåg AS

994 dager etter eksplosjonen vart dei siste avfallsrestane etter Vest-Tankulukka fjerna fra Sløvåg i går kveld.

Avfallet vart pumpa om bord i tankskipet Ruth Theresa og vert no frakta til Tyskland der det skal verte destruert.

Ein lang veg

Fjerninga har vorte utsett fleire gonger, og den siste tida har kulda hindra oppryddingsarbeidet.

– Arbeidet med å fjerne avfall fra verksemda til Vest Tank har vore mykje vanskelegare enn me trudde. Det kalde vêret den siste månaden, samt setningar i botn av tankane gjorde tømminga meir tidkrevande enn forutsett, seier administrerande direktør Håkon Ivarson i Alexela Sløvåg.

Glad ordførar

At det no er over gleder Gulen-ordførar Trude Brosvik.

– Det var ein veldig kjekk telefon å få i dag tidleg, at seint i går kveld reiste båten med siste rest av avfallet og at dei allereie hadde gitt beskjed til SFT (Klima og forureiningsdirektoratet) at dei no kunne komme og sjekke, seier ho.

Tankane vert endeleg inspisert av Klima- og forurensningsdirektoratet fyrstkommande fredag.

ARTIKKELEN FORTSET UNDER BILETET

Tankskip tømmer avfall i Sløvåg
Foto: Alexela Sløvåg AS

Oljeterminal

Anlegget i Sløvåg skal no driftast vidare som ein oljeterminal. Men fyrst må Alexela Sløvåg få løyve frå Klima- og forureinigsdirektoratet, Direktorat for samfunnstryggleik og beredskap, og frå Gulen kommune.

– Vårt mål er å gjere oljeterminalen til ein trygg og lønnsom virksomhet, og bidra til fremgang for industrien og næringslivet i Sløvågen, understreker administrerende direktør Håkon Ivarson.