Hopp til innhold

Vil ikkje aksjonera mot strilestripp

Kvinnegruppa Ottar vil ikkje demonstrere mot stripping i Lindås.

Striptease

FÅR STRIPPE I FRED: Kvinnegruppa Ottar prioriterer Bergen.

Foto: Colourbox

På fredag kjem stripparar frå utestaden Dreams til Lindås for syne hud og sleppe kleda i golvet, noko som har skapt furore hjå Krf-ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

– Ideologisk terror

Kvinnegruppa Ottar gjekk sterkt ut då strippeklubben Dreams opna i Bergen, og sa dei ville gjere det brysamt for menn å gå på staden.

I ein appell mot Dreams 23. jaunar sa leiar i bergensgruppa til Ottar, Ane Kristine Aadland, kalla dei strippinga ideologisk terror, og sa at dei skulle syngje Nystemten som avskjedsong den dagen Dreams pakka saman og forlot byen.

Vil ikkje aksjonere

Men Nystemten vert ikkje å høyre på utestaden Garveriet på fredag. Ottar vil nemleg ikkje ta turen til Lindås.

– Me prioriterer å demontrere i Bergen mot Dreams, seier Aadland.