11.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Uvêr skaper trafikktrøbbel

Snøstorm (Foto: PEDRO ARMESTRE/AFP)

Kjøre over fjellet søndag kveld? Vent til måndag, er rådet frå Vegvesenet.

Sterk vind skaper trafikkproblem både til sjøs og i fjellet. Ferjesambandet Tørrvikbygd - Jondal er innstilt, og berre ein av fjellovergangane er open for fri ferdsle. Her ser du kvar du bør kjøra.

- Det er verkeleg ille mange stader i kveld. Om folk kan, bør dei utsetja kjøreturen.

Sjekk vêret på fjellovergangane: yr.no

Det seier Marit Hove, vaktoperatør ved Statens Vegvesen sin trafikksentral. Det er sterk vind som er årsaka til at ferja mellom Tørrvikbygd og Jondal ikkje går, og i fjellet er sikten elendig på grunn av snøføyk. Hove ber dei som kan, utsetja kjøreturen over fjellet til i måndag.

  • Ferjesambandet Tørrvikbygd - Jondal stengt. Omkjøring via Utne Kvanndal.
  • Kolonnekjøring på E 134 over Haukelifjell. Opp til 6 timars ventetid.
  • Kolonnekjøring på RV 52 over Hemsedal. Kan bli stengt på kort varsel.
  • Kolonnekjøring på RV 13 over Vikafjell. Max 25 bilar per kolonne.
  • RV 50 Aurland - Hol er stengt for all ferdsle.

I tilegg kan 134 over Haukeli bli stengt for store kjøretøy på over 7,5 tonn på kort varsel. Årsaka til det er at skader på den nye tunnelportalen i Austmannalitunnelen gjer at gamlevegen i Austmannali fungerer som omkjøringsveg.

E 16 over Filefjell er dermed den einaste fjellovergangen med fri ferdsle søndag kveld.

Dessutan er RV 7 over Hardangervidda òg stengt, på grunn av problem med sambandsutstyret til brøytebilane.

LES OGSÅ: Problemer stenger Hardangervidda

I julen er det stengt

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland