Hopp til innhold

1/3 av elevane er sjuke

30 elevar ved Kongshaug Musikkgymnas er sjuke med influensaliknande symptom.

Denne veka har fleire elevar ved internatskulen som ligg i Os kommune blitt sjuke. No er ca. 30 av 90 elevar sjuke med influensaliknande symptom.

– Me veit ikkje om det er svineinfluensa, men i dag blei det tatt stikkprøvar. Svar på prøvane får me truleg over helga. Det er heilt klart at noko er på gang no, kanskje kan det ha ein samanheng med at det har vore haustferie, seier rektor Oddvar Rotvik. Rektoren er sjølv heime på grunn av sjukdom.

LES OGSÅ: 29 elever kan være smittet

Ein del elevar som ikkje bur så langt frå skulen har reist heim, medan andre har blitt igjen på internatskulen.

– Me tar oss av dei som ikkje har høve til å reisa heim. Me har bede dei som er sjuke om å halda seg på romma sine, der dei blir sett til av personalet. Me ønskjer at dei skal opphalda seg der også ei stund etter at dei byrjar å kjenna seg betre, seier Rotvik.

Han legg til at skulen tidlegare i haust sette i gang hygienetiltak.

Det er førebels få lærarar som har blitt sjuke.

– Undervisinga held fram, men det blir litt amputert, seier rektoren.