09.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Politiet har patruljert i heile natt

Politiet har hatt området rundt Søfteland skule under streng oppsikt det siste døgeret.

– Eg kan stadfesta at det har kome ein trugsel mot Søfteland skule. Trugselen er retta mot skulen, seier Rasmus Dalen, lensmann i Os.

Lensmannen vil verken seia noko om innhaldet i trugselen, eller når han kom. Det vil han heller ikkje torsdag ettermiddag.

Er ikkje det med på å skapa uro i Søfteland skulekrins, når folk ikkje får vita noko om kva trugselen går ut på?

– Politiet kan stadfesta at me tar trugselen alvorleg. Ut frå instruksane våre har me varsla både PST og politidirektoratet om situasjonen. Det skal gjerast ved denne typen trugsel. Me etterforskar breitt, med den hjelpa me har bruk for i frå Bergen, seier Dalen.

Søfteland skule (NRK)

Patruljerte i natt

Politiet har hatt flere patruljar rundt skulen både i natt og i føremiddag.

– Me har saman med skulen og kommunen vedtatt at skulen skal haldast stengt torsdag og fredag. I dag har elevane vore på skulen til ordinær tid, seier Dalen onsdag.

Politiet etterforskar saka, og jobbar med å finna ut av kven som står bak.

– Me går ikkje ut med nokon mistenke per no, me etterforskar breitt, seier Dalen torsdag ettermiddag.

Vil etterlysa meir informasjon

Leiaren i FAU ved Søfteland skule har forståing for at politiet ikkje vil gå ut med detaljar om trugselen.

– Dette er ikkje nokon kjekk situasjon, men me må tru at politiet veit kva dei gjer, og det er betre å vera føre-var. Me veit at skulen er stengt og kvifor, og det er greitt nok. Me må la politiet driva taktisk etterforsking, seier FAU-leiar Terje Monsen.

Men fredag ettermiddag vil leiaren og nestleiaren i FAU ta kontakt med skulen for å få vita kva som skjer vidare.

– Me må få vita om skulen opnar igjen på måndag. Foreldre ønskjer informasjon før dei vil senda ungane på skulen igjen, seier Monsen.

Mistenkjer ikkje elevar

– Eg kan stadfesta at me har fått eit alvorleg trugselbrev som gjer at me i samråd med politiet og rådmannen i Os kommune har vald å stenga av skulen torsdag og fredag, seier Kåre Lutro, rektor ved Søfteland skule, til RadiOs.no.

Ifølgje rektoren har stenginga frå i torsdag av med datoane i brevet å gjera.

– Eg er glad for å kunna seia at me ikkje mistenker at elevar står bak dette, seier rektor Kåre Lutro til NRK.

– Har de mistanke til tidlegare elevar?

– Nei, det har me ikkje.

Reknar med å opna skulen til måndag

Etter det NRK kjenner til skal trugslane ha kome allereie måndag, likevel fekk ikkje elevane beskjed før onsdag.

Skule stengt pga. trugselbrev (NRK)

– Det er i samråd med politiet, det er dei som har tatt den avgjersla, seier rektoren.

Politiet har vurdert område utanfor skulen som trygt, men lensmannen vil ikkje kommentera om dei vil patruljera skulen også natt til fredag.

– Me vil fortsetta etterforskinga og vil i samråd med skulen ta stilling til kva som skal skje på måndag. Per no vurderer politiet det som at skulen normalt blir opna på måndag, seier Dalen.

Ifølgje nettsida til Os kommune har Søfteland skule omlag 300 elevar, fordelt på 1.-10. klasse.

Kart

Søfteland skule

Kilde: Google Maps


Lenker

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland