Hopp til innhold

- Kollektivt idioti

Det seier ein av dei som hamna i sjøen ved Fedje i natt. Det var omtrent 30 menneske om bord i kabelferja som kantra. Maksgrensa er ti personar.

Video nsps_upload_2009_9_20_14_35_6_2035.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Bengt Åge Borge

Bengt Åge Borge var om bord då kabelferja kantra.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Folk tenkte ikkje godt nok. Alle hadde drukke litt og det var alt for mange på båten, mist 30 personar, seier Bengt Åge Borge, ein av dei som var om bord i kabelferja i natt.

– Då me låg i vatnet var det tendens til panikk og kaos. Folk trekte kvarandre under, seier Borge.

LES OGSÅ: 30 personer i sjøen da kabelferje kantret

– Må prisa oss lukkeleg

Han er veldig glad for at det gjekk så bra som det gjorde. Det var heilt mørkt og vanskeleg å få oversikt over alle då dei hadde kome seg på land igjen.

Ordførar i Fedje, Kristin Handeland, drog ned til hamnebassenget så snart ho fekk høyra kva som hadde skjedd.

– Det var dramatiske meldingar og det dramatisk når det går 30 personar i sjøen. Men me får berre prisa oss lukkeleg over at så vidt me har oversikt over er alle på land og ingen er sakna, seier Handeland.

– Har gått bra i mange år

Bengt Åge Borge reagerer på at det ikkje var merka kor mange personar kabelferja tåler om gongen.

Terje Viktor Storemark

Terje Viktor Storemark er ein av eigarane av kabelferja.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Kabelferja er registert for ti personar og det var fullstendig uforsvarleg av regattadeltakarane å gå på så mange på ein gong. Viss for mange kjem oppi ein Askeladden vil den også velta, seier Terje Viktor Storemark.

Saman med to andre har Storemark eigd kabelferja i omtrent halvanna år. Han opplyser at det berre er ein liten lokal båt som alle kan bruka, og meiner at det ikkje kan stillast same krav til den som til ei vanleg ferje.

– Det har gått bra i mange år. Alle andre har skjønt kva som går og ikkje går, seier Storemark.

Maks åtte vaksne

Kabelferja blei konstruert ved Fedje Mekaniske Industrier. Svein Tangen var dagleg leiar då flåten blei levert for omtrent fem år sidan.

Tangen seier til bt.no at dei sette ei grense på maks åtte vaksne, og at då dei gav frå seg flåten hadde den eit skilt med desse vekttala og redningsinstruksar.

Svein Tangen seier til NRK at han ikkje vil kommentera saka ytterlegare, dette fordi han meiner det berre blir spekulasjonar.

Fleire NRK har vore i kontakt med fleire som meiner at eit skilt om maks åtte vaksne ikkje finst på flåten i dag.

Ikkje registrert hos direktoratet

Kabelferja som kantra er ikkje registrert hos Sjøfartsdirektoratet.

– Førebels har me inga rolle i høve kantringa fordi farkosten ikkje er registrert hos oss, seier kommunikasjonsdirektør Eilif Fjon i Sjøfartsdirektoratet.

– Vil de gjera noko i høve det som skjedde i natt?

– I og med at me ikkje kjenner til kva denne farkosten er og kva den blir brukt til så vil me sjå nærare på saka for å finna ut av dei forholda, seier Fjon. Det vil bli gjort på måndag.

– Viss denne farkosten regelmessig blei brukt til persontransport over sundet, burde den då ha vore registrert hos Sjøfartsdirektoratet?

– Det vil eg ikkje seia noko om nå, for me kjenner verken til korleis farkosten ser ut eller kva den blir brukt til, seier Fjon.

Statens Havarikommisjon for transport opplyser til NRK at sidan det ikkje er nokon omkomne er ikkje nattas hending ei skal-sak for dei. Men dei vil i morgon sjekka om det likevel er hensiktsmessig at dei ser på visse forhold.