Hopp til innhold

Nektar å dekkje utgiftene

Bergen kommune har avgjort at dei ikkje vil dekkje utgiftene til dei evakuerte bebuarane i Ladegårdsgaten.

15 leilegheiter i Ladegårdsgaten i Sandviken vart evakuerte 3. juli grunna rasfare. Før bebuarane kan flytte tilbake må ein forsterke fundament og beresystem. Kommunen vil ikkje ta rekninga, skriv BA .

Doble utgifter

Mange fekk dobla bustadutgiftene sine over natta. Eit ungt par som har adresse i Ladegårdsgaten må ut med til saman 22 000 kroner i månaden for ei leilegheit dei ikkje kan bu i i tillegg til ein midlertidig bustad.

Ingen tek ansvaret

- Bustadselskapet meiner me er ansvarlege for setningsskadane. Det økonomiske kravet er førebels for dårleg dokumentert til at me kan seie ja, seier byrådsleiar Monica Mæland.

Mæland seier kommunen ikkje lenger har ansvar når alle dei råka har funne mellombelse bustader.

- Vidare økonomisk støtte er eit forhold mellom den enkelte eigar og forsikringsselskapet, seier Mæland.

Bygningen er forsikra i forsikringsselskapet Gjensidige. Selskapet avslår å dekkje utgiftene, og seier forsikringa ikkje dekkjer setningsskader.

Varslar søksmål mot kommunen

Advokaten til bebuarane, Eivind Pundsnes, varslar no søksmål mot kommunen.

- For mange er dette svært dramatisk. Ikkje alle har råd til å betale doble bustadutgifter, seier Pundsnes.