Hopp til innhold

Kaos på Flesland

Mann hoppa over sperringane på Flesland. Lange køar etter at begge avgangshallane vart tømt for folk.

Kø på Flesland
Foto: Helene Vassbotten Olsen / NRK

Det var lange køar på Bergen lufthavn, Flesland sundag kveld.

Begge avgangshallane måtte tømmast for folk etter at ein mann kom seg inn i avgangshallen utan å passera tryggleikskontrollen.

- Ein mann vart stoppa i kontrollen med kniv, og fekk beskjed om at han måtte sjekka denne inn som bagasje. Det gjorde han, men då han kom tilbake til tryggleikskontrollen hoppa han over sperringane og kom seg inn i avgangshallen, seier Lasse Solberg, security-sjef i Avinor til NRK.

Hendinga skjedde i følgje Solberg like etter klokka åtte sundag kveld. Omlag ein time seinare var køproblema over.

- Svært alvorleg

Avinor ser svært alvorleg på hendinga.

- Me ser svært alvorleg på dette, når folk hoppar over sperringane er det alvorleg, seier Solberg. Han seier Avinor vil melda gjerningsmannen til politiet i morgon.

- Det positive er likevel at kontrollørane våre fekk dette med seg og fekk stoppa mannen.

Angrande syndar

Mannen som hoppa over sperringane skal ikkje ha vore aggresiv då han vart ført ut av avgangshallen.

- Han angra på det han hadde gjort, og forstå at han hadde gjort noko svært dumt, likevel må eg skriva ei melding på han til politiet i morgon, seier Solberg.

Kaos på Flesland
Foto: Helene Vassbotten Olsen / NRK