Hopp til innhold

– Irrasjonelt å frykte vaksine

Tre av fire har ei irrasjonell frykt for influensavaksine, meiner overlege.

Vaksine
Foto: ScanStockPhoto

Kommunane førebur seg på massevaksinasjon av svineinfluensaen, men dei fleste av oss er skeptiske til ei vaksine som er så lite utprøvd.

Tre av fire vil ikkje ta vaksina

Overlege ved Senter for smittevern på Haukeland sjukehus, Per Espen Akselsen, meiner det er irrasjonelt:

– Det er gjort undersøkingar som syner at tre av fire meiner dei ikkje treng influensavaksinen. Då skal vi hugse at det ikkje har kome mykje informasjon om dette nettopp fordi det er mange usikre moment knytta til vaksina førebels, seier Akselsen.

Veit ikkje om sjeldne biverknader

Men kva veit vi om dei potensielle skadeverknadane av vaksinen?

Legemiddelgiganten GlaxoSmithKline som produserer vaksina. Medisinsk sjef i GlaxoSmithKline Norge, Erik Hjelvin, trur det vil gå knirkefritt:

– Ein har ei god oversikt over det som måtte vere av bivirknader. Dei vil vere som ved vanleg vaksine: Smerte og rød hud ved injeksjonsstaden som det vanlege, og eventuelt litt feber og influensalignande sjukdom.

– Når det gjeld veldig, veldig sjeldne bivirknader så er ikkje det noko ein har oversikt over før den er gitt til veldig mange menneske, seier Hjelvin.

– Ikkje tenk berre på deg sjølv

Ein del fagfolk har tidlegare hevda at det er betre å få svineinfluensaen, slik at kroppen sjølv dannar antistoff.

Influensavaksinar generelt fungerar berre på mellom 70 og 80 prosent av oss.

Fylkeslege Helga Arianson i Hordaland meiner vi bør høyre på styresmaktene og ta vaksina mot svineinfluensa:

– Om du berre tenker på deg sjølv så er det klart at det å ikkje ta vaksine isolert sett kan argumenteres for. Men ser ein samfunnet under ett og vil vere med å verne dei som treng det så bør ein vaksinere seg, seier Arianson til NRK Hordaland.

LES SVARENE FRA NETTMØTE: Hvordan smitter svineinfluensa?