Hopp til innhold

Kan ingenting om valet

Veit du kva for eit val som skal avhaldast same dag som stortingsvalet?

Trond Giske

Trond Giske i Trefoldighetskirken i Oslo da Kirkerådet presenterte sin informasjonskampanje for kirkevalget.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Over tre millionar nordmenn er stemmeberettiga til haustens kyrkjeval, som finn stad 14. september - same dag som stortingsvalet. Men kunnskapen om valet er liten.

LES OGSÅ: - Tannlaus kyrkjekampanje

Kyrkjerådet har sendt ut informasjon om valet på nytt sokneråd og bispedømeråd i september.

Likevel er det få som veit om det.

- Denne gongen har vi gått ut med eit brev til samtlege medlemmer over 15 år i Den norske Kyrkja. Vi har greidd ut om korleis valet går føre seg, kortid det skal vere og kvar det vert avhalde. Så vi har gjort mykje meir enn vi har gjort tidlegare, seier leiar i Kyrkjerådet Nils Tore Andersen.

Nytt ved årets kyrkjeval er at det vert avhalde direkteval til soknerådet og bispedømerådet samtidig. Nytt er det også at 15-åringar kan stemme - noko som aukar talet på stemmeberettiga til 3,1 millionar menneske.

Men svært få engasjerer seg altså for korleis leiinga i kyrkja skal sjå ut.

- Det er mange som stiller til val, rundt 16-17.000, men valdeltakinga har vore låg med rundt to-tre prosent, seier Andersen, som innrømmer at informasjonen gjerne kunne ha vore betre.