Janus blir sexy
Det einaste som ikkje skal endrast i den nye undertøyskolleksjonen er storleiken på gylfen.
Publisert 09.07.2009 09:41.
- Skriv ut
Stramme rosa singletar og sjokoladefarga herretruser. Det er noko av det den spanske designaren Carlos Duarte trur vil gjera Janus store i Europa.

STORDESIGNAR: Han har designa klede for Lous Vuitton. No står Janus for tur.
Foto: Rebecca Nedregotten Strand/NRK- Det er veldig uvant. Me har vore opptekne av å laga behageleg undertøy, ikkje å gjera det sexy, seier viseadministrerande direktør i Janus, Janne Vangen Solheim.
Duarte har tidlegare designa klede for det eksklusive merket Louis Vuitton. No har han designa ein ny kolleksjon for den 114 år gamle Janus-fabrikken på Espeland i Bergen
Fornying er alt
- Me må gjera folk lukkelege. Kleda må gjerast meir sexy, seier Duarte.
Janus vil med slike klede vera i stand til å konkurrera med sjølvaste Calvin Klein i Europa, meiner Duarte. For fyrste gong i den 114-år gamle Janus-historia, skal fabrikken satsa på utanlandsk design. Målet er å nå nye marknadar i Europa.
- Kvalitet og design er viktige faktorar i utlandet. Janus har ikkje ein slik posisjon i Europa. Difor er meiningane til Duarte viktige, seier marknadsdirektør Arne Fonneland.
Duarte har endåtil designa ei hold-in stringtruse for Janus. Den nye kolleksjonen skal presenterast under Oslo Fashion Week i august.
Ullundertøy til Spania
Janus er den einaste fabrikken av sitt slag igjen i Noreg. Dei vil framleis halda fast på dei tradisjonelle produkta sine, og vonar også å spreia dei i Europa. Spanske brannfolk ynskjer mellom anna å nytta flammesikkert ullundertøy frå Noreg på jobb.
- Det me selde mest av for fem år sidan har me ikkje i dag, og det me sel mest av i dag har me ikkje om fem år. Sjølv om merket er gamalt må me fornya oss for å møta krava hjå kundane i dag, seier Fonneland.
Janus-fabrikken har i dag om lag 100 tilsette.
Siste: NRK Hordaland
Nyhetsarkiv Hordaland
Ni bilvrak funne i sjøen - FrP seier ja til bompengar
- Distriktselevane slit
- Frykter nedleggelse
- Refleksaksjonen som tok helt av
- – Viktigst at pårørende takket ja
- Ruspåvirkede førere stort problem
- 3 av 10 seter solgt i Eliteserien
- Bergen vinner – Hardanger taper
- Stor skilnad på bensinprisen
- 36 år gammel mann døde i ulykke
- Hurtigrute-TV er norsk kulturarv
- Mann til sykehus etter boligbrann
- Moteduo fra Bergen fikk designpris
- – Kunne mistet synet
- Vil rehabilitere Møhlenpris skole
- Danske blir ny festspilldirektør
- Kvinne døde etter kollisjon
- Har samlet inn DNA i Os
- En person omkom i møteulykke
- Vil gi bort «fuktskadd» miljøbombe
- Trafikkulykke på Haukeli
- Fortsatt kritisk for to skadde
- Frontkolliderte i tunnel
- Snøværet skaper trafikkaos
- Bergensluften kan bli enda verre
- Båt med tre tok inn vann
- Mann og kvinne kritisk skadd
- – Frp må si nei til økte bompenger
- Til sykehus etter utforkjøring
- Evakuerte folk på grunn av brann
- Tyver sendte redningsskøyte på rek
- Lagrer kulde og varme i bakken
- Nytt damanlegg på Gullfjellet
- Sykdom og bråk i Black Sabbath
- Storma ambassadar etter granatåtak
- - FN stemmer over Syria-resolusjon
- Kutter ned på gass-leveranser
- Dømt for beføling av mindreårig
- Armstrong slepp tiltale
- Jente ranet ved Nygårdsparken
- Bompenge-krangel mellom H og Ap
- 310 kanselleringar for Hurtigruten
- 12 års fengsel for drapet på Askøy
- Togopprør mot 80-tallsvogner
- Navn på omkomne frigitt
- Vervet 222 i protest mot SV-leder
- Lars Vaular blir pappa i sommer
- Kastet ved på biler fra gangbro
- Død 8-åring framleis eit mysterium

Hoksrud støtter ja til bompenger





