10.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Henta sigeren heim

Gulljubel for Nyborg (Foto: Cato Siljander)

Vill jubel då Nyborg tok seriegull i volleyball.

Foto: Cato Siljander

Bergen er best i Norge på volleyball. Nyborg har tatt gull i eliteserien for herrer, og det før siste kamp var ferdigspelt.

- Dette var stort!

Styreleiar, Steinar Johan Hauge, kunne juble saman med resten av Nyborg i ettermiddag.

Eit ungt, talentfullt volleyballlag sikra sigeren og seriemeisterskapet i eliteserien for herrer.

Dei møtte BK Tromsø til serieavslutninga og vann tre strake sett.

Nyborg trengte å vinne to sett for å sikre seg gullet. Dei gjorde jobben med glans og settsifra vart: 25-16, 25-23 og 25-14.

Med ordførar Gunnar Bakke som ein av rundt 250 tilskodarar får dei no det gjevaste metallet rundt halsen.

Dagleg leiar i Nyborg Volleyballklubb, Cato Siljander, fortel at stemninga i salen er god, trass i at det er litt færre tilskodarar enn på førre kamp.

Då sette klubben tilskodarrekord med 300 volleyballfans i salen.

Det er fire år sidan sist Nyborg vann serien.

Steinar Johan Hauge har store forventingar til dei ferske gullvinnarane.

- Dette laget har potensiale til å nå langt og bli veldig gode!

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland