Hopp til innhold

- Muslimar slaktar sauer ulovleg i dag

Kjøper sauer av bøndene i all hemmelegheit.

Sau
Foto: Kleiven, Paul / SCANPIX

Muslimar i Noreg får ikkje slakta sauene slik deira religion krev. Mange kjenner seg pressa til å bryta norske lover.

- Eg har vore i kontakt med fleire muslimar i Hordaland som har kontakta private bønder for å få slakta til id, seier bystyrerepresentant for Arbeiderpartiet i Bergen, Abdelmajid Jerad.

- Dei føler seg pressa til å gjere det på denne måten, sidan det er ulovleg, sier han.

Abdelmajid Jerad

- Det heile er hysj, hysj, seier Abdelmajid Jerad.

Foto: Torill Stavenes / NRK

Spesiell slaktemetode

På denne festdagen, som i år er den 8. desember (i dag), slaktar muslimar ein sau til minne om då profeten Abraham gjorde det same. I utgangspunktet var Abraham villeg til å ofra sonen sin til Gud, men ofra til slutt eit lam. På id ul-adha skal muslimar difor slakta eit lam med halal-metoden.

Det er mogeleg å få tak i halal-slakta kjøt i Noreg. Men for mange muslimar er det ikkje tilstrekkjeleg å kjøpa slikt kjøt.

- Festdagen handlar om å slakta sauen for seg sjølv og familien. Ein vil slakta sauen sjølv, seier Jerad.

Å slakta ein sau på halal-måten inneber å kutta dei to hovudpulsårene, luftrøyret og spiserøret i strupen medan sauen er i live.

Kjenner ikkje til det

- Eg har aldri høyrt om at slik slakting føregår, seier leiar i Hordaland Bondelag, Marta Bjørgum Meland.

Leiaren i fylkeslaget ser likevel føre seg at det skjer.

- Det er lettare å få tak i ein sau hjå ein privat bonde. Men eg meiner regelverket er til for å fylgjast, konstaterer ho.

Dyrevernnemda meiner at halal-slakting er dyreplageri.

- Vi veit at det foregår og det er i strid med dyrevernlova og dermed ulovleg, seier Berit Jacobsen leiar i Bergen og omegn si Dyrevernnemd, og legg til at ho er i mot ei lovendring fordi dyra lid under halal-slaktinga.

Ynskjer lovendring

Asghar Ali

YNSKJER LOVENDRING: Asghar Ali tek avstand til ulovleg slakting, men ynskjer lovendring.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Islamsk Råd Norge seier at dei ikkje har kjennskap til at denne typen slakting foregår, men at dei ikkje ser vekk frå at enkelte tar lova i eigne hender.

- Det er mogleg å tenke seg til at folk ynskjer å praktisere sin religion og at ein og annan har deltatt i ulovlig slakting, seier nestleiar i Islamsk Råd Norge, Asghar Ali.

Han ynskjer en lovendring som opnar for halal-slakting ved høgtida.

- I Islam er det eit krav om at dei som fylgjer id slaktar eit lam. Vi vil opne lovverket for rituell slakt, slik at det ikkje blir kriminelt for muslimar å fylgje si tru, seier han.

- Men regelverket er lagd for å verne dyra. Vil ikkje dyra lida under halal-slakting?
- Vi snakker om svært få dyr. Dette er ei minimal problemstilling i forhold til dyrevelferd, seier nestleiaren.