Hopp til innhold

Difor vil dei ikkje heva

Tildekking vurdert som minst risikofylt og mest miljøvennleg.

u-864

HEVAST IKKJE: Heving er også gjennomførbart, men tildekking vert ansett som minst risikofylt, fortalde Det Norske Veritas under pressekonferansen.

Foto: Geoconsult/Kystverket

Den faglege vurderinga til Det Norske Veritas (DNV) blei i dag presentert på ei pressekonferanse i Oslo.

Heving også mogleg

På pressekonferansen sto prosjektleiar Carl Erik Høy-Petersen i DNV for det meste av presentasjonen av rapporten, som i dag vart lagt fram og overlevert fiskeriminister Helga Pedersen (Ap).

Høy-Petersen konkluderte med at både heving og tildekking er gjennomførbare tiltak. Begge løysingane vart også vurderte å gi ønska miljøeffekt.

Sjå også: Sjå video av heile pressekonferansen her | Les heile rapporten frå Kystverket her

- Begge alternativa er gjennomførbare. Men det mest vellukka tiltaket og minst farlege for negative miljøkonsekvensar er truleg å dekka til, konkluderte Høy-Petersen på pressekonferansen.

Han fortalde at fleire alternativ vart vurdert både for tildekking og heving.

Best på nesten alt

- Vi har vurdert det beste tildekkingsalternativet opp mot det beste hevingstiltaket, sa Høy-Petersen.

Heving og tildekking vart vurderte mot kvarandre på fem punkt:

  • Personelltryggleik
  • Forureining på lang sikt
  • Forureining på kort sikt
  • Mogleg gjennomføring
  • Fleksibilitet

Tildekkingsalternativet vart vurdert som det beste tiltaket på alle punkta, for utan forureining på lang sikt. Der vart både heving og tildekning vurdert som like gode.

Totalvurderinga vart dermed at tildekning vil vere eit betre miljøtiltak enn heving.

- Vil halde i 3000 år

- Tildekking som løysing vil hindre at næringskjeda vert påverka av kvikksølvet om bord i meir enn 3000 år, sa Høy-Petersen.

Fiskeriminister Helge Pedersen (Ap) kalla utgreiinga kring ubåten U-864 utanfor Fedje som «den mest utreda» i norsk historie.

- Og det er viktig at vi har den vurderinga til grunn når Regjeringa no skal den endelege beslutninga, sa Pedersen før ho tok imot rapporten frå kystdirektør Kirsti Lovise Slotsvik.

Slotsvik fortalte, etter spørsmål frå pressa, at kostnadar knytta til heving beregnast til 93 millionar euro, eller nærmare en milliard norsker kroner.

Tildekking på si side, vil koste rundt 250 millionar kronar, basert på anslag frå i fjor.

- Eg vil understreke at pris ikkje har vore eit punkt på vurderingslista av tiltak, sa Slotsvik.