Hopp til innhold

Ras sperrer veg i Fusa

Jord og steinraset som har sperra riksveg 549 i Fusa, og vegen vert ikkje opna før onsdag.

Ras ved Sævareid
Foto: Sveinung Norheim

Raset som sperrer vegen mellom Sævareid og Kilen i Fusa kommune i Hordaland.

Geolig har vore på rasstaden

- Stein og jord har hamna i vegen ikring fire kilometer frå Kilen, opplyser operasjonsleiar Jan Steimler i Hordaland politidistrikt.

Politiet fekk melding om raset klokka 17.25 onsdag.

Vegtrafikksentralen opplyser at raset er 50 meter bredt, men folk som har vore på staden seier til NRK at det maksimalt kan vera 20 meter.

(Saka fortset under kartet.)

Ras i Fusa
Foto: Kart: Grafisk / NRK

Opnar ikkje i dag

I utgangspunktet trudde vegvesenet at vegen kunne opna torsdag, men geologen som har sett på tilhøva vil ikkje opna vegen enno.

Statens Vegvesen opplyser fredag at vegen tidlegast opnar onsdag i neste veke.

Eit helikopter skal fredag skula løpet på rasstaden med vatn for å løysa opp stein og vegetasjon som ligg laust.

- Ein kan aldri vera sikker

Politiet og Mesta stoppar trafikken slik at ingen kjører heilt inn til rasstaden. Det skal ikkje vera hus i nærleiken.

- Ingenting tyder på at nokon blei tekne av raset. Vi har snakka med eit vitne som såg raset då det gjekk, og dette er ein aude stad, seier operasjonsleiar Jan Steimler.

Anbefalt omkjøring er via fylkesveg 121.

Mange av dei ikring 220 innbyggjarane i Sævareid pendlar forbi rasstaden til arbeid. Torsdag morgon må dei kjøra om Ølve, ein omveg på vel ein time.