10.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Stridest om løysing på lakseluskrisa

Lakselus på villaks (Foto: Kjartan Trana/NRK)

Slike krabatar har blitt resistente mot lusemiddelet Slice.

Foto: Kjartan Trana/NRK

Alle er uroa. Men partane stridest om løysinga på lakseluskrisa i Austevoll.

Norske styresmakter er uroa. Hardanger Villfisklag er uroa for at villaksen og sjøauren kan bli utrydda. Oppdrettsnæringa er uroa for sine anlegg. Norges Naturvernforbund er uroa og tykkjer situasjonen er dramatisk.

Skrur ned forventningane

Mattilsynet skal i morgon ha hastemøte. Men Martin Binde, seniorrådgjevar i Mattilsynet, skrur ned forventningane til møtet.

- Hastetiltaka har nok allereie blitt sett i sving. Såleis er vel ikkje morgondagens møte eit hastemøte, seier Binde.

Mattilsynet -logo (Foto: Espen Sandmo)

Noko av det Mattilsynet i morgon må finna ut, er om det må lagast ein nasjonal redningsplan.

Stridande synspunkt

World Wide Nature Fund meiner løysinga på lakseluskrisa er å skrinleggja nye oppdrettskonsesjonar for laks og fjellaure. Medan Norsk Naturvernforbund meiner at all laks i det aktuelle anlegget på Austevoll må slaktast. Hardanger Villfisklag meiner ei halvering av antal oppdrettsfisk må til for å bøta på problemet.

- Me bør attende til eit nivå av oppdrettslaks som me hadde i 2001, meiner leiaren i Hardanger Villfisklag, Svein Helge Pedersen.

Professor i fiskehelse Frank Nilsen, meiner ei potensiell løysing er å redusera antal vertar for lusa. Det vil seie å slakta ut mykje av fisken.

Kva meiner du bør gjerast i denne saka? Sei di meining nederst i artikkelen!

Panikktilstandar unødvendig

- Oppdrettsnæringa treng ikkje frykta omfattande nedslakting av laks, meiner seniorforskar ved Havforskningsinstituttet, Erik Slinde.

Oppdrettsanlegg (illustrasjonsbilde) (Foto: Torbjørn Fardal/NRK)

Oppdrettsanlegg er uroa for om dei må nedslakta mykje fisk.

Foto: Torbjørn Fardal/NRK

Han fortel at det var forventa at ein resistens ville koma.

- Denne resistensen tyder kun at oppdrettarane får eitt mindre lakselusmiddel. Me har andre middel, men det er dumt at ”Slice”, som var svært bra, ikkje virkar lenger, seier Slinde.

Styresmaktene set si lit til at Mattilsynet ordnar opp. Tilsynet skal greia ut om situasjonen i morgon.

- Det er viktig at denne saka får den merksemda den fortener, og at me sikrar oss at den behandlinga me startar for å bli kvitt lakselusa blir gjennomført fullt ut slik at me unngår å byggja opp resistens, seier statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet, Vidar Ulriksen.

Departementet har bede forskningsrådet greia ut korleis ein mest mogeleg effektivt kan forska på dette området.

Sjå innslaget om lakseluskrisa på NRK Vestlandsrevyen i kveld her.

Villakskrise

I går uttalte Hardanger Villfisklag at dei var redde villaks og sjøaure kan bli utrydda som eit resultat av at lakselus har blitt resistent mot lusemiddelet, Slice. Dette tilbakeviser i dag Hans Inge Algeøry, leiar i Vestnorsk Havbrukslag, på NRK Vestlandsrevyen.

Villaks (NRK)

Villaksen vil ikkje bli borte, hevdar Hans Inge Algerøy.

NRK

- Denne resistensen kjem ikkje til å vera årsaka til at villaks og sjøaure blir fullstendig borte, seier han.

Men Svein Helge Pedersen, som er leiar i Hardanger Villfisklag, er ikkje like sikker.

- Dersom ikkje me får bukt med dette, går me mot ein grusom vår, seier leiar i Hardanger Villfisklag, Svein-Helge Pedersen.

Årsaka

NRK-journalist, Øyvind Andrè Haram, har følgd fiskeri- og oppdrettsnæringa i mange år. Han meiner mengdene lakselusmiddel som har blitt brukt i næringa dei siste 30 åra, kan vera noko av årsaka til resistensen i Austevoll. Haram pyntar ikkje på situasjonen.

- Ein slik situasjon er alvorleg og tyder nedslakting for oppdrettaren, seier Haram til NRK Hordaland.

Dette er saka:

  • I høst vart det oppdaga at lakselus i eit oppdrettsanlegg på Austevoll er resistente mot lakselusmiddelet "Slice".
  • Det er fyrste gong ein slik resistens er oppdaga på Vestlandet. Trøndelag opplevde same problem i fjor. Her fekk ein bukt med resistensen.
  • Lakselus er av dei typane fiskesjukdomar som lettast spreier seg mellom oppdretts- og villaks.
  • Lakselus kan spreia seg levande med sjøvatn over store avstandar.
(NRK)

Lenker

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland