Hopp til innhold

Sentrumsprisane fell mest i landet

Bustadprisane i Bergen sentrum fell mest i landet. - Naturleg nedgang, meiner leiaren for eigedomsmeklarforbundet.

Boligmarkedet
Foto: Ness, Rune Petter / Scanpix

Tala for september vart i dag presentert av Norges Eiendomsmeglerforbund, og dei viser ein nedgang på over sju prosent samanlikna med på same tid i fjor.

Kurt Buck, leiar i forbundet si avdeling på Vestlandet, meiner det er naturleg at prisane minkar mest i Bergen sentrum.

- Bergen sentrum har i ein periode vore området der prisane har auka mest, så det er ikkje unaturleg om det kjem ein korreksjon slik me ser no, seier Buck til NRK Hordaland.

Gjennomsnittleg kvadratmeterpris er no 30.100 kroner i bydelane Bergenhus og Årstad.

Fana og Ytrebygda minkar minst

Medan det er i Bergen sentrum, Arna og Åsane prisane går mest tilbake, er det i Fana, Ytrebygda og Hordaland utanom Bergen endringane er minst.

Gjennomsnittlege kvadratmeterprisar i Hordland

Område:

2007*:

2008*:

Endring:

Arna og Åsane

23.600

22.200

-5,9 %

Bergenhus og Årstad

32.600

30.100

-7,7 %

Fana og Ytrebygda

26.800

25.900

-3,4 %

Fyllingsdalen og Laksevåg

24.200

23.000

-5,0 %

Heile Bergen

28.100

26.400

-6,0 %

Hordaland utan Bergen

21.200

20.500

-3,3 %

Heile Hordaland

26.600

25.000

-6,0 %

*Gjennomsnittlege kvadratmeterprisar for september.

Buck meiner det er fleire grunnar til fallet i bustadprisane. Men han meiner uroen på den internasjonale finansmarknaden er ein viktig årsak.

- Det er mange årsaker, men den voldsomme fokuseringa på finanskrisa er nok ei viktig årsak til at mange vegrar seg for å gå inn i marknaden, seier Buck.

Trur på betring

Buck trur likevel på betre tider for eigedomsmeklarane og dei som skal selja bustad.

- Sjølv om det er vanskeleg å spå i desse tider, trur eg personleg at prisane kjem til å betra seg på vårparten, seier Buck.