Hopp til innhold

Opp som ein hjort, ned som ein okse

Kanskje ikkje så lett å sjå skilnaden, eller?

Hjorteokse
Foto: montasje

Bonde Endre Epland på Flatråker på Tysnes kjem til å mangla to dyr når buskapen skal inn att for hausten.

For natt til søndag skaut nemleg ein overivrig hjortejeger ei stor kvige og ein stor stut. Jegeren skal ikkje vera frå Tysnes.

Skjøna fort kva han hadde gjort

Hjortejegeren skjøna raskt kva han hadde gjort og banka på døra til bonden for å få tilgjeving for sine synder, skriv lokalavisa Tysnes.

- Eg hadde tre dyr som gjekk på beite. Den eine som var att er no blitt skotredd. Den skvett til berre den høyrer ei bildør som smell, seier bonden til NRK Hordaland.

Jegaren har lova å ordna opp økonomisk og difor kjem ikkje bonden til å melda jegeren til politiet.

Lensmannsførstebetjent Jarle Matre seier til avisa at det likevel vil bli oppretta sak på hendinga.

Ler litt, men...

Bonden sjølv ler litt av heile saka, men skjøner ikke korleis det heile kunne skje.

- Jegeren visste at det gjekk dyr på beitet, så han burde ha tenkt seg om. Slikt skal ikkje skje.

- Liknar okse, kvige og hjort på kvarandre?

- Likskapen er jo der. Hadde dette skjedd i skogen så ville ein kanskje sagt at slikt kan skje. Men det skal ikkje skje på innmark. I alle fall ikkje når ein veit at det går storfe der, seier ansvarleg for jaktområdet, Harald Storesætre, til NRK Hordaland.

- Har du vore borti noko liknande?
- Eg har aldri vore borti noko slikt. Men det kan jo skje. Under elgjakta skyt ein jo hestar, transformatorar og traktorar. Denne jegeren har nok vore maksimalt uheldig. Han skal vera ein erfaren jeger som har jakta i 35 år både i Afrika og i heile Norge.

- Ein god skyttar

Kviga og stuten fall om stein daud etter skota som var retta på det jegeren trudde var hjortar.

- Hadde eg vore ansvarleg i eit slikt jaktfelt, så hadde mannen ikkje vore velkommen igjen, seier Storesætre.

- Det var godt gjort med andre ord?
- Ja, det tyder på at han var ein god skyttar.