Dødsulukke på Fanaveien
Ein 20 år gammal motorsyklist omkom etter kollisjon på Fanaveien i Bergen.
Publisert 27.07.2008 20:30. Oppdatert 28.07.2008 08:32.
- Skriv ut
- Ambulansepersonell som kom til staden konkluderte med at motorsyklisten var død, seier Asbjørn Andersen, operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt.
Den omkomne er ein 20 år gammal mann, busett i Bergen. Sundag kveld hadde venner og pårørande samla seg på ulukkesstaden, opplyser Andersen.
Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 19 sundag kveld. Motorsyklisten kolliderte med ein pesonbil.
Truleg møteulukke
Motorsyklisten var åleine på sykkelen, og ingen andre skal ha vorte skadde i ulukka.
- Det meste tyder på at det har vore ei møteulukke, men det er for tidleg å seia kva som var årsaka til ulukka, seier Andersen til NRK.
I tillegg til politiet sine eigne teknikarar, er Statens vegvesen sin ulukkeskommisjon på staden.
Politiet vil avhøyra vitner utover kvelden.
Fanaveien har etter ulukka vore stengt i begge retningar, og Andersen reknar med at vegen i allefall ikkje vert opna att før etter klokka 22 sundag kveld.






Hærverk Bybanen
Bytter ut norske sjøfolk 
- Vi skal havne blant de fire beste
Kan bli aktuell for Viking-kampen
Frykta innesperra folk i tunell
