Hopp til innhold

Vi dobla gjelda på fire år

Og det er pensjonistane som står for den største auken.

prospekt
Foto: Ness, Rune Petter / Scanpix

Personar over 67 har fire gongar så mykje gjeld i dag som for fire år sidan.

Det viser tal frå statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking.

Her kan du sjå kor mykje gjelda har auka der du bur.

Ikkje bekymra

Frå 2004 til 2007 auka den totale gjelda frå 357.000 kroner til 638.000 kroner.

Professor Terje Rein Hansen ved Norges Handelshøyskole i Bergen seier det særleg har skjedd ei haldningsendring blant dei eldre.

- Det er mange i 50-60-åra som begynner å ta opp lån på bustaden for å finansiere bilen eller seglbåten dei har drøymt om, for å dra på ferie, eller rett og slett for å auke dei daglege utgiftene, seier han.

I denne videoen får du råd om korleis du kan unngå gjeldskrisa.

Rein Hansen er bekymra for dei auka låna hos mange unge i etableringsfasen. Men renteoppgangen vil ha mindre å seie for personar over 60, trur han.

- Dei toler meir gjeld og høgare renteutgifter for å få med seg litt meir sprell, seier han.

- Tar for stor risiko

Det er vestlendingane som har auka gjelda si mest. Frå 278.000 i 2004 har innbyggjarane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal auka gjelda til 617.000 i 2007, ei auke på 99 prosent.

- Dei som har gått inn i bustadmarknaden no, har måtta gå inn på høge prisar, seier Rein Hansen.

Elisabeth Vågenes er ei av dei som har tatt opp nytt lån dei siste åra. Ho synest folk tek altfor stor risiko.

- Eg meiner folk låner over evne. Dei tenkjer ikkje på at renta kan stige, seier Vågenes.

Borghild Lieng, økonomirådgjevar i Bergen kommune, møter dei som ikkje kan betale låna sine.

- For tre-fire år sidan var vi forskrekka over forbrukslån på 200.000 kroner. No er det ikkje sjeldan vi ser lån på 400-500.00 kroner. Dersom ein i tillegg har bustadlån, så kan det fort bli bekymringsfullt, seier ho.