Hopp til innhold

- Small inn i kaien

MF Bergensfjord med ein noko brå avslutning på turen frå Halhjem til Sandvikvåg.

M/S Bergenfjord legg til kai ved Sandvikvåg
Foto: Bård Kvamme

Bård Kvamme sto på Sandvikvåg og venta på ferja då ho braste i full fart inn i kaien.

- Eg trur dei må ha gløymt å bakke opp. Ferja small rett inn i kaien. Kaien spratt opp og eit rekkverk blei øydelagt, fortel Kvamme.

Passasjerar ventar på MF Bergenfjord på Sandvikvåg

Jentene som sto og venta ute på kaien fekk seg ein støkk då MF Bergenfjord small inn i kaikanten.

Foto: Bård Kvamme

- Kunne gått skikkeleg gale

Ute på pynten sto nokre jenter med syklar og venta på ferja.

- Kaien spratt rett opp ved sida av dei. Hadde dei stått nokre meter lenger borte kunne det gått skikkeleg gale, seier Kvamme.

Ferja går som normalt

Etter den noko harde landinga kom fire av mannskapet ned for å sjekka ferja. Etter å ha inspisert fronten slapp dei ut bilane som var med frå Halhjem og slapp inn Kvamme og bilen hans.

- Det ser ut til at det gjekk verst utover kaien og ikkje ferja, seier Kvamme når han er midtfjords på veg over til Halhjem med M/S Bergensfjord.