Brannmannskapa har overvåka områda som har vore råka av brannen natt til laurdag. Dei har dusja terrenget på dei mest kritiske plassane, mellom anna på Mjølfjell, for å hindra at brannen blusser opp att.
Men søndag ettermiddag blussa det opp at på Urdland, eit stykke frå Voss.
- Men det er vanskelig å kontrollere dette når det er så tørt i terrenget, seier togleder Nils Jakob Eide til
, søndag morgon.Brannmannskapa klarte å få has på flammane natt laurdag, men like etter klokken halv tre laurdag ettermiddag, kom det melding om at dei var blussa opp att.
- Det brenn i området Rimegrend, Mjølfjell og fleire andre stader. Det er berre mindre brannar. Voss brannvern rykkar ut, sa vaktoperatør ved 110 sentralen i Bergen, laurdag ettermiddag.
Førebels ikke stans i togtrafikken
Alle tog på Bergensbana mellom Myrdal og Voss sto fredag etter at skogbrannane langs jernbanestrekninga blussa opp att.
Sidan laurdag morgon har passasjerane kunne ta toget att.
- Kunne blitt dramatisk
Brannsjefen på Voss slo full alarm då det hagla inn meldingar om brannar langs Bergensbana natt til fredag. Politiet fekk første melding om brann ved 00.30-tida natt til fredag.
- Hadde det ikkje vore for at det var vindstille, kunne dette blitt veldig dramatisk, sa vakthavande brannsjef i Voss kommune, David Skjerven, til NRK fredag ettermiddag.
- Frykta dette lenge
Han har lenge frykta at noko slikt skulle skje, sidan det er så ekstremt tørt i terrenget. Tidlegare var det ikkje uvanleg at gnistar frå tog tente på skogbrannar langs sporet, men det skal ikkje ha skjedd på lenge.
Alle brannane er utløyste av gnistar frå eit tog med feil på bremsene.
Kartet nedanfor viser om lag kor det var skogbrannar natt til fredag.
Omlag 50 personar deltok i sløkkingsarbeidet.