26.05.2012
SISTE FRA NRK.NO

Stor pingvin-yndling

Pingvinkylling i vektskål (Foto: Linn Sjøvangen Steinsland/NRK)

Den vesle pingvinkyllingen i vektskåla for første gong.

Foto: Linn Sjøvangen Steinsland/NRK

Trass knappe 106 gram i vektskåla er den nyfødde pingvinkyllingen på Akvariet i Bergen allereie ein stor sjarmør.

I dag blei broren eller søstera til Pingri Alexandra (1) vege og merka.

Gleda over nykomlingen i Akvariet er stor, og mange hadde møtt opp i dag for å få eit glimt av han.

- Det er heilt fantastisk å kunna visa fram denne vesle kyllingen, konstaterer dei tilsette på Akvariet. 

Pingvinar (Foto: Linn Sjøvangen Steinsland/NRK)

Foreldra passar godt på den nye pingvinkyllingen og det uklekka egget deira.

Foto: Linn Sjøvangen Steinsland/NRK

 

Syster eller bror på veg?

Det er endå uvisst kva kjønn han har, den nye pingvinen som blei fødd i 18-tida onsdag kveld.

Om berre få dagar kan han få ein bror eller syster. I redet hans ligg det nemleg eit egg til.

Pingvin (Foto: Linn Sjøvangen Steinsland/NRK)

Pingvin-far er ikkje nøgd då kyllingen blir henta av dei tilsette på Akvariet.

Foto: Linn Sjøvangen Steinsland/NRK

 

 

 

 

Siste: NRK Hordaland