Hopp til innhold

- Det er jo veldig nasjonalt

Berre norske flagg får sleppa til i barnetoget i Oslo. Leiaren for 17.mai-komiteen i Bergen ber Oslo om å tenka seg om.

Norske flagg.
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

I Oslo er det bestemt at berre norske, samiske og FN-flagg skal brukast i barnetoget. I Bergen har det derimot vore tradisjon å sleppa til andre flagg også.

- Me har sagt ja til frammande flagg, så lenge dei også brukar norske flagg i tillegg, seier leiar for 17.mai-komiteen i Bergen, Lotte Schønfelder.

- Eg synst jo at Oslo kanskje burde tenka seg litt om, det er jo ein veldig multikulturell by, seier ho til NRKHordaland.no.

Fekk flagg-avslag

I dag melde NRK Østlandssendingen om at Norsk Innvandrerforum ville at minoritetselevar skulle få lov til å visa heimlanda sine flagg i barnetoget i Oslo.

Men det ville ikkje leiaren for 17. mai komiteen i hovudstaden ha noko av.

- Eg synest ikkje det vert inkluderande å tillata andre nasjonar sine flagg, det vil bidra til at det vert grupperingar. Det jo norsk nasjonaldag, derfor er det viktig at alle barna heldt det norske flagget høgt oppe, seier Aamir Sheikh, leiar for 17. mai-komiteen i Oslo.

- Fargerikt

I Bergen ser ein annleis på saka.

- Eg synst ulike flagg er eit fargerikt innslag, seier Schønfelder til NRKHordaland.no.

Dei har mellom anna gitt klarsignal om at eit cubansk kor skal få bruka cubanske flagg i prossesjonen, så lenge dei også har med norske flagg.

- Veldig nasjonalt

- Kva trur du det er dei vil markera i Oslo, med berre å ha norske flagg?

- Det har jo kanskje litt med at dei ikkje vil bryta opp rekka av norske flagg i barnetoget, eg kan ikkje sjå noko anna argument. Men det er jo veldig nasjonalt då, seier Schønfelder.