26.05.2012
SISTE FRA NRK.NO

Politiet samlar seg til opprør

Åsane (Foto: Kristian Hovstad)

POLITIFLUKT: Politiets Fellesforbund trur langt høgare lønn er nødvendig for å sikra nok politifolk. Biletet er frå ein aksjon i Bergen tidlegare i vinter.

Foto: Kristian Hovstad

Det er svært stor fare for politistreik til våren. I går mobiliserte over 300 politifolk på fagforeningsmøte.

- Eg er sikker på at 80 prosent av våre medlemmer uansett resultat vil seia nei takk til tilbodet etter dei sentrale forhandlingane i år, seier Ivar Hellene i Politites Fellesforbund.

Han seier det aldri har vore så mange mobilisert på medlemsmøte som i politihuset i Bergen onsdag ettermiddag.

Over 300 var til stades. Og krava om meir løn var klare og høglytte frå talarstolen.

Ivar Sindre Hellene (Foto: Kristian Hovstad/NRK)

KREV LØNSHOPP: Leiar Ivar Sindre Hellene for Politiets Fellesforbund i Hordaland trur langt høgare lønn er nødvendig for å sikra nok politifolk.

Foto: Kristian Hovstad/NRK

Masseoppseiing

Det bryggjer med andre ord opp til streik, sjølv om fagforeiningsleiaren ikkje vil seia det direkte.

- Eg vil seia det slik: Mange har sagt til meg i dag at dersom me seier "hopp" så vil dei hoppa, men dersom me seier "stopp" kan dei ikkje garantera at dei vil stoppa, seier Hellene.

Det er med andre ord også fare for andre aksjonsformer, og i korridorane blir det mumla om fare for kollektiv masseoppseiing for å understreka alvoret.

Hellene seier dei no krev minst 80.000 kroner i lønsauke på få år. Det er himmelhøgt over forventningane for dei sentrale lønnsforhandlingane.

I kroner og øre er startløna for politifolk litt over 280.000 kroner i grunnlønn, og sjølv etter svært mange år i yrket kan dei risikera og ikkje koma over 350.000 kroner i årslønn. Det er tala fagforeininga eggjar til kamp på.

Rømer frå yrket

Fellesforbundet opplyser at om lag 40 av dei vel 850 politifolka i Hordaland har skifta yrke den seinare tida.Mange av dei har lang erfaring.

Hellene seier han ser dette i samanheng med låg lønn. Forsikring, tryggleiksselskap og ei rekke andre næringar lokkar politifolk ut av yrket.

- Folk i politiet er tradisjonelt svært lojale, og det skal mykje til for at dei sluttar, men no er grensa nådd for stadig fleire, seier Hellene.

Politi (Foto: Kristian Hovstad/NRK)

FRUSTRERT: Over 300 politifolk samla seg til oppstartsmøte før årets lønnskamp i Hordaland - Faren for streik til våren er svært stor.

Foto: Kristian Hovstad/NRK

Siste: NRK Hordaland