26.05.2012
SISTE FRA NRK.NO

Underhaldande pengemaskin

Arild Wærness (Foto: Lise-May Spissøy/NRK)

FESTTID: Seriekjennar Arild Wærnes sorterer hardt i gode og dårlege julehefte, og klarer også i år å landa på eitt som er det beste.

Foto: Lise-May Spissøy/NRK

- Å trykka julehefte er som å trykka eigne pengar, sa ein forslagsredaktør ein gong. Då bør dei vera gode, meiner seriekjennar Arild Wærness.

Det er slett ikkje sikkert at det er dei mest populære seriane som er dei beste julehefta. Følgjer du med på kåringa av beste julehefte 2007, må du førebu deg på oppturar og nedturar.

Unik, norsk tradisjon

Seriekjennar Arild Wærness fortel at juleheftetradisjonen er unik for Norge, og går nesten 100 år tilbake i tid.

- Teikneseriar blei samla i hefte og på 20-talet blei dei gjevne ut til jul. Med det magre medietilbodet dei hadde då, blei sjølvsagt desse fargerike avisstripene frå Amerika ein sentral del av den norske julefeiringa saman med rosiner, fleskepølse og heimabrygg.

Fire kategoriar

Det er kring 40 julehefte å velja i, me har delt dei inn i fire kategoriar:

  • Utanlandske klassikarar
  • Nye norske seriar
  • Norske klassikarar
  • Lisenshefte

- Klassikaren über alles er Knoll og Tott, seier Arild Wærness.

Det er dessutan knytt høge forventningar til Pondus og Nemi, og borna ser fram til Kaptein Sabeltann, Donald og Elias. Men forventningar seier ingenting om utfallet i kåringa vår.

Nokre skuffar

- Når ein tenkjer på kor gode pengar det er i julehefte, er det skuffande å sjå at nokre av skaparane og redaktørane ikkje legg meir arbeid ned i det, seier Wærness.

- Når du berre skal tena pengar, blir det lett usjarmerande. Du kan ha ein omsetnad på eit vanleg hefte på 10-12 000 i månaden. Eit hefte med det same innhaldet sel du 30-40 000 av som julehefte.

Topp 12-liste

Me plukkar tre julehefte frå kvar kategori og vurderer dei i morgonsendingane denne veka. Fredag 7. desember har me dermed ei topp 12-liste. Av desse blir eitt hefte kåra som det beste av alle julehefta i 2007. Følg med i morgonsendinga, med reprise i føremiddagsendinga - eller høyr reportasjane på nett.

- Førsteplassen er ikkje vanskeleg. Ingen over, ingen ved sida, seier Wærness.

Denne veka kårar NRK Hordaland det beste julehefte jula 2007. Følg med i morgonsendinga kvar dag denne veka.

 

 

(NRK)

Siste: NRK Hordaland