26.05.2012
SISTE FRA NRK.NO

Barneheimsborn sigra

Bergens Guttehjem på Garnes (Foto: Arkivfoto)

Frå Bergens Guttehjem på Garnes på 60-talet.

Foto: Arkivfoto

Helse- og sosialkomitéen i Bergen kommune vedtok onsdag kveld at fleire tidlegare barneheimsborn skal få søkja om erstatning.

Det blei fleirtal for at tidsfristen for å søkja erstatning skal opphevast, og fleire saker skal no kunna prøvast for rettsapparatet.

Det er bystyret som formelt skal godkjenna vedtaket om å gje utvida klagemoglegheit, men saka blei i praksis avgjort når helse- og sosialkomitéen handsama saka i kveld.

Har betalt nesten 50 mill. kr.

Erstatningsutvalet har tilsaman betalt 49 600 000 kroner i erstatning til 269 tidlegare barneheimsborn i Bergen.

Utvalet har i fleire år handsama hundrevis av søknader.

51 søkjarar fekk ikkje ei krone av utvalget, og 93 søknader er anten avviste eller trukke fordi søkjarane ikkje tilfredsstilte krava til opphald på barneheim i Bergen frå 1954 til 1980.

 

Siste: NRK Hordaland