26.05.2012
SISTE FRA NRK.NO

Ny direktør i Helse Bergen

Anne Sissel Faugstad (Foto: Alrik Velsvik/NRK)

Anne Sissel Faugstad

Foto: Alrik Velsvik/NRK

Anne Sissel Faugstad er konstituert som ny administrerende direktør i Helse Bergen etter Anne Kverneland Bogsnes.

Det blei klart på styremøtet i Helse Bergen i ettermiddag.

Faugstad kjem frå jobben som viseadministrerande direktør i Helse Bergen saman med Stener Kvinsland.

At Kvinsland ikkje blei vald til direktørstolen grunngjev styret med Kristina-saken, som no blir granska av Helsetilsynet.

Vil hindra spekulasjonar

- Me vil ikkje uroa den prosessen eller skapa spekulasjonar. Difor vel me Faugstad og ikkje Kvinsland. Men tilliten vår til Kvinsland er fortsatt like stor, fortalde styreleiar Finn Strand etter pressekonferansen i ettermiddag.

Faugstad er no konstituert som administrerande direktør, men det vil ta tre til seks månadert før ein får ei permanent løysing.

Store budsjettutfordringar

- Eg er veldig glad for at styret har vist meg tillit. Med det gode samarbeidet eg har med Stener Kvinsland, satsar me no på å skapa ro og kontuinitet i organisasjonen, seier Faugstad i ein kommentar til NRK.

- Kva blir di viktigaste rolle no?

- I ettermiddag skal me ha eit styreseminar om budsjettprosess. Me har store utfordringar i budsjettet framover, og det vil bli ein kjempesak å føra vidare.

Siste: NRK Hordaland