Krev pengar frå Brustad

I dag stiller 26 ordførarar frå Hordaland opp hjå helseminister Sylvia Brustad for å krevja meir pengar til Haukeland sjukehus og Helse Vest.
Publisert 22.03.2006 08:35.
- Skriv ut
Ordførarane krev at Helse Vest ved revidert nasjonalbudsjett i mai får like mykje for kvar pasient som det dei andre helseregionane får.

Herman Friele
Foto: Marit Hommedal/ScanpixFriele mannen bak
Det er ordførar i Bergen, Herman Friele, som har teke initiativet til ordføraroppropet.
- Det er mange menneske som kunne blitt redda dersom skeivfordelinga blir retta opp, og dersom Helse Vest får like mykje pengar som resten av helseføretaka, seier han.
11% mindre enn resten av landet
Gjennom fleire år har Helse Vest fått 11% mindre midlar enn landsgjennomsnittet.
For budsjettåret 2006 må Haukeland sjukehus kutta meir enn 164 millionar kroner.
Dramatiske konsekvensar
Dette vil mellom anna føra til at:
- 460 operasjonar ved kirurgisk klinikk må skrinleggjast.
- karakteriseringa av sjukehuset som eit «katastrofeområde» ifølgje Arbeidstilsynet ikkje vil bli følgd opp.
- det blir inntil 2000 færre innleggingar og 10 000 færre polikliniske konsultasjonar.
- hjartepasientar med til dels alvorleg angina vil få lengre ventetid i kø for behandling.
- naudsynt vedlikehald må utsetjast eller skrinleggjast. Helse Bergen har allereie eit etterslep på vedlikehald på 1,5 milliardar kroner.
«Me håpar at regjeringa sikrar at vestlendingane sitt viktigaste helsetilbod blir teke vare på gjennom revidert budsjett før liv går tapt.»
Ordførarar i Hordaland
- Har like mykje rett på å bli friske
- Eg kan ikkje forstå kvifor vestlendingane blir diskriminerte. Me er like sjuke her som i resten av landet, og me har same rett til å bli friske, meiner Friele.
- Og dette forventar du at regjeringa skal kunna retta opp allereie i revidert budsjett no i mai?
- Me håpar det, men det skal i alle fall inn i det nye statsbudsjettet til neste år. Me har inga tid å tapa, og det trur eg Sylvia Brustad no får med seg.
Helse Vest
- Etterforskar heimebesøk
- Ny direktør i Helse Bergen
- Ny direktør i Helse Bergen
- Ordførar-opprop for Helse Vest
- Fylkeslege inhabil i Kristina-saken
- Nekta overvektig kvinne helsehjelp
- - Pasientskadar blir ikkje melde
- Utlendingar vil ha norsk luftambulanse
- Krev kartlegging av Sandviken
- - Rus på Sandviken
- Born ramma av akutt nyresvikt
Siste: NRK Hordaland
- Alvorlig mc-ulykke på Tysnes
- Storutrykning til fire svidde brød
- Trålervrak ble festspill-kunst
- Ber folk om å ikke spise reker
- – Bør jo ringe ei bjelle
- Brannen på Sotra er slukket
- 4 veker i varetekt for drapssikta
- Vil ha eitt regionalt bomselskap
- Fryktar at brannen blussar opp att
- – Dårlig timing for streiken
Nyhetsarkiv Hordaland
- Vil ha eitt regionalt bomselskap
- Fryktar at brannen blussar opp att
- – Dårlig timing for streiken
- Frank Aarebrot teken ut i streik
- Evakuerte bolighus i Telavåg
- Fengslingsmøte i drapssaken utsatt
- Polititoppene må kjøre kongeparet
- Slipp fangene fri – det er streik
- Det brenn framleis på Sotra
- Storstreik i Bergen
- – Oslo må bli mer lik Bergen
- – Riktig tidspunkt å gi seg
- – Jeg skal danke ut Piotr
- – Virket som et planlagt drap
- Stor gressbrann på Sotra
- Tar ikke gjenvalg til Stortinget
- – Angripen fordi han er kristen
- Gullkorn frå Festspillene
- Bergen viste seg fra sin beste side
- – Ringte og sa han vart knivstukken
- Avhørt om drapet til langt på kveld
- Knivdrepen på asylmottak
- Sture vs Mongstad – hvem overlever?
- Treelskere preger Bergen sentrum
- Olsvik-drapsmann vil løslates
- –Lei av å skrive idiotiske attester
- Domsavsigelse først etter sommeren
- Bergen blir hardt råka viss streik
- Sette rekord på Dalen Oens bursdag
- Austin fikk karantene
- Mekling på overtid
- Storbrann startet på kjøkkenet
- På revansjetokt mot Aafk
- Søker fremdeles etter 19-åring
- Kjørte i fjellveggen i Åsane






