Hopp til innhold

Fryktar medlemsflukt etter Frp-flørt

KrF-eren som har forhandla fram avtaleutkastet med Høgre og Frp i Bergen, trur mange medlemmer vil reagere på samarbeidet.

Byrådsforhandlinger i Bergen

Det - etter all sannsynlighet - påtroppende byrådet i Bergen, her representert ved Filip Rygg (f.v) og Tomas Moltu fra KrF og Høyres Monica Mæland.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

KrF sin forhandlingsleiar i Bergen, Tomas Moltu, fryktar at ein del medlemmer vil melde seg ut av partiet, på grunn av samarbeidet med Framstegspartiet.

Likevel meiner han, saman med eit fleirtal i styret, at KrF bør gå inn i eit forpliktande samarbeid med Høgre og Frp.

- Eg trur nok at nokon vil reagere negativt og melde seg ut, men samtidig trur eg endå fleire vil melde seg inn på grunn av eit slikt samarbeid, seier Moltu.

Splitta styre

Moltu fekk måndag kveld med seg fire av personane i styret på å gå inn for avtalen. To var mot, og ein stemte blankt.

Litt seinare på kvelden stilte ei einstemmig byrådsgruppe seg positive til å gå inn i det mørkeblå byrådet. Men gruppa vil vente med å ta den endelege avgjerda til representantskapet har sagt si meining 11. oktober.

Men Tomas Moltu trur eit sterkt KrF er avgjerande for at samarbeidet ikkje skal strande i startgropa.

- Eg håpar Høgre og Frp ser at vi er avhengige av å vere synlege både i politikken og i bybiletet for at dette skal fungere, seier han.

Mange i KrF har vært skeptiske til å måtte samarbeide med Frp.

Tidligere måndag gjekk gruppeleiar Kristian Helland i KrF sterkt ut med kva han meinte om eit samarbeid med Frp.

- Har strekt seg for langt

Helland meiner at KrF som eit sentrumsparti har strekt seg for langt når dei vil sitje i byråd med eit parti som Frp.

- Det har aldri vore nokon hemmelegheit for dei som følgjer med i bergenspolitikken at dette ikkje har vore mitt prosjekt, seier Helland om alliansen med Framstegspartiet.

11. oktober skal representantskapet i KrF, med 70 utsendingar, koma med si innstilling til forhandlingsutkastet.