Hopp til innhold

Sender skulebøker til Oslo

Bøkene skal til elevar i Bergen, men må ein snartur til Oslo for å bli distribuert.

Skolebøker

Elevane skal no sleppe å vente meir, lovar fylkeskommunen.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Elevar i vidaregåande skular over heile landet manglar skulebøker fem veker etter skulestart. Samtidig sit forlag i Bergen med tusenvis av bøker dei gjerne vil dele ut. Problemet er distribusjonsavtalen.

Bøkene ligg på Minde i Bergen, men fylkeskommunane har valt dei store selskapa i hovudstaden til å sende ut bøkene.

- Eg blei sjokkert. Då eg høyrte at bøkene ligg så nært, ble eg berre oppgitt, seier Remi Rekdal, elev ved Laksevåg videregående skole.

Elevane skal få gratis skulebøker for første gong i år, men må no sitje å lese på Internett for å følgje med i timane.

- Vi dummar oss ut. Håpet er at fylkeskommunane no tek til fornuft, og let skulane kjøpe direkte frå den lokale bokhandelen eller frå forlaget når det er nødvendig, seier Arnstein Bjørke, forleggjar i Fagbokforlaget.

Vigdis Bjørgo, seniorrådgjevar i Hordaland fylkeskommune, lovar at dei jobbar for fullt for at skulane no skal få bøkene dei har venta på.

- Viss det ligg bøker hos distributøren som dei ikkje får levert, så har vi no fått lovnad om at vi kan gje beskjed til skulane om at dei no kan gå ut for å kjøpe bøker på eigahand, seier Bjørgo.

SJÅ INNSLAG FRÅ VESTLANDSREVYEN HER