10.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Gjer suksess med fordums skattar

Museumsskattar inspirerer Oleana sin design (Foto: Rebecca Nedregotten Strand/NRK)

Designer Solveig Hisdal, gründer Signe Aarhus og førstekonservator Anne Britt Ylvisåker studerer ein av skattane som har inspirert Oleana sin design

Foto: Rebecca Nedregotten Strand/NRK

Tekstilprodusenten Oleana fyller 15 år. Dei har skapt designsuksess mot alle odds.

Ei 400 år gamal nattskjorte, ein bolle med skår i og falma tapet.

I gamle museumsobjekt ligg kjelda til mykje av tekstilbedrifta Oleana sin suksess.

– Det er ei fryd å gå inn i magasina. Då er eg heilt tapt for omverda.

Det seier Solveig Hisdal. Den prisløna designeren står bak størsteparten av Oleana sine 15 år med produksjon av klede og pledd.

Inspirasjon til mønstera i tekstila hentar ho frå museumsobjekt over heile verda.

Mønstra jakker er ein sentral del av Oleana sin produksjon (Foto: Rebecca Nedregotten Strand/NRK)

Oleana feirer 15 år med jubileumsutstilling på Permanenten

Foto: Rebecca Nedregotten Strand/NRK

– Vi elskar utfordringar, seier Signe Aarhus, då vi skulle starte Oleana i 1992 sa alle til oss at det aldri kom til å gå.

Saman med Kolbjørn Valestrand starta ho opp med tekstilproduksjon på Espeland utanfor Bergen.

Der skjer framleis alle ledd i produksjonen, og målet er å skape eksklusive, unike produkt.

– Vi kan ikkje konkurrere på pris, sidan vi produserer i Norge, seier Aarhus. Difor freistar vi heller å lage så flotte plagg som mogleg.

Oleana har fått Norsk Designråd si utmerking "Merket for God Design" seks gongar.

I tillegg vart Aarhus kåra til Årets Forretningskvinne i 2003 og Solveig Hisdal har fått Jacobprisen, som er Norsk Form sin heiderspris.

 Spår verdssuksess

– Dei hadde eit fantastisk mot som starta opp ei norsk tekstilbedrift i ei tid då dei fleste flagga ut.

Det seier Marit Warncke, direktør i Bergen Næringsråd. Ho trur andre bedrifter har mykje å lære av Oleana.

– Ein kan lære av måten dei blandar nøysemd og vågemot på, seier ho, samstundes har bedrifta høg kompetanse og god design.

Ho trur Oleana vil kunne gjere det enno betre i framtida, fordi dei har ein miljøvenleg og kvalitetsmedviten produksjon.

– Det ligg potensiale til å kunne blir ein verdssuksess, det dei lagar er vakkert og fortel ei historie. Slik sett er det ei særs moderne bedrift.

Den fyrste jakka Solveig Hisdal designa for Oleana (Foto: Rebecca Nedregotten Strand/NRK)

Også Signe Aarhus har tru på framtida og ingen planar om å flagge ut, då legg dei heller ned.

– Fretex i Oslo får inn 12 tonn med klede i veka. Dersom kloda skal overleve må ein produsere og kjøpe klede på ein annan måte. Difor satsar vi på å lage få, men vakre plagg.

Oleana feirar 15 årsjubileet med ei utstilling på Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen.

 

 

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland