Hopp til innhold

Etterlyser betre barnebiografiar

Den staute Fritjof Nansen, den sjølvoppofrande Florence Nigthingale og den fenomenale Mozart. Det er helterolla som blir dyrka i biografiar for barn. Litteraturforskar Nina Goga har studert sjangeren og etterlyser vilje til nytenking i norske barnebiografiar.

Norske biografiar for born er ikkje spenstige nok
Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

 – Ein må kanskje våge å skrive meir nyansert og organisere tekstene litt annleis, seier Nina Goga.

Ho forskar på faglitteratur for born og unge ved høgskulen i Bergen.

Etter å ha studert biografiar for born, etterlyser ho større kreativitet i sjangeren.

– Dei fleste som blir biografert for barn er førebilete, seier Goga. Dersom dei har vore rampete i barndomen blir det forsøkt vendt positivt til pågongsmot og originalitet.

Førebileta sine vaksne rampestrekar blir ofte gøymt bort.

Haldast rein

Fridjof Nansen

Detaljar i biografiane om Nansen blir pynta på, meiner Nina Goga

Foto: Anders Winlund / NRK

I samband med forskingsdagane i Bergen har Nina Goga sett nærare på biografiar om Fritjof Nansen.

Det faktum at han var gift to gonger blir berre nemnt i ein av barnebiografiane som finnest om han. Den frå 1932.

– Dei andre tekstene nemner henne ikkje, fortel ho. Han blir heldt "rein", berre den fyrste kona får merksemd.

Ein av dei som har gøymt vekk Sigrun Munthe er Alexander Wisting. Han har skrive Damm sin barnebiografi om Nansen, som vart utgjeven i 2004.

– Det er sider ein ikkje går inn i, seier Wisting, fordi det innanfor det formatet ein har kan vere med og gje eit skeivt bilete.

Han føler at balansen i teksten var riktig, men ser at det er sider ved Nansen sitt liv han ville ha gått nærare inn i dersom han hadde skrive ei større bok.

 Vilje til nytenking

Mozart

Mozart: Eit av mange heltebilete i barnebiografiar.

Foto: HO / AFP

Wisting er likevel samd i at biografiar for barn er ein sjanger som bød utfordrast.

– Barnebiografiar er nok litt statiske, seier han. Det blir skrive lite for barn om menneske som har vore onde.

Wisting trur det ville gitt born auka historisk forståing dersom dei fekk lese biografiar om til dømes Vidkun Quisling.

– Problemet er kanskje at vi lagar alt så politisk korrekt, fortel han. Slik at det skal passe inn i våre ideal, då blir det vanskeleg å framstille dei som blir sett på som onde på ein nyansert måte.

Gyldendal sin redaktør for barne og ungdomslitteratur, Bodil Teig, fortel at hennar forlag har freista å tenke nytt i sin biografiserie "Biografien om".

– Vi ynskja å fornye sjangeren, fortel ho. Ramma er riktignok nordmenn som har sett djupe sport etter seg, men dei søkjer vi å framstille på ein nyansert måte.

Teig ser likevel at forlaga kan vere meir kreative når dei gjev ut biografiar for barn.

– Det trur eg absolutt, seier ho. Formspråket kan bli meir variert, det er mykje å gjere dersom noko vil skape eit meir tidsmessig formuttrykk på biografiar for born.