Hopp til innhold

Vinn på BOM-NEI

Ordførarkandidat Bjarte Vatnøy (Frp) i Lindås har kapra mange tilhengjarar med sitt klare nei til ny bomstasjon på Nordhordlandsbrua.

Meningsmåling Lindås
Foto: NRK

Frp scorar på bomsak i Lindås!

Ordførarkandidat Bjarte Vatnøy og Framstegspartiet kan koma til å kapra kvar tredje veljar i Lindås, og nærmar seg reint fleirtal saman med Høgre. Det viser eit partibarometer TNS Gallup har utarbeidd for Bergensavisen og NRK Hordaland.

Vatnøy

Ordførarkandidat Bjarte Vatnøy frå Frp.

Foto: MMS: Kristian Hovstad / NRK

Framstegspartiet går fram nær ti prosent i høve til sist kommuneval og har sikra seg over 30 prosent oppslutnad blant veljarane i Lindås i eit fersk partibarometer.

Det er truleg deira klare nei til ei ny bompengepakke som er hovudårsaka til oppturen.

- Bompengesaka har vore viktig for oss heilt sidan det vart slutt på bompengebetalinga på Nordhordlandsbrua. Me vil ikkje ha ny bom! Det seier ordførarkandidat Bjarte Vatnøy.

Utfordrer Ap

Eit fleital i Lindås stemde nyleg for ei ny bompengepakke, men både Høgre og Framstegspartiet stod sterkt imot, og det er desse som no sikrar seg størst vekst på partibarometeret. Derimot slit Arbeidarpartiet og ordførar Tove Linnea Brandvik med oppslutnaden. Dei går ned nesten seks prosent.

I tillegg rasar Kristeleg Folkeparti med fem prosent på denne målinga, og då hjelper det lite at Senterpartiet ser ut til å halda skansen.

Samarbeidspartnarane Ap, KrF og Sp vil ikkje ha fleirtal i dagens barometer. Dermed kan Framstegspartiet og Høgre vera reelle utfordarar til makta i Lindås - dersom dei frir til KrF.

- Me veit jo godt at det går an å samarbeida, berre sjå på fylkeskommunen, seier Vatnøy.

Angrar ikkje

Ordførar Tove Linnea Brandvik seier ho ikkje er overraska over at dei må tåla "slitasje" på grunn av sitt standpunkt for den nye bompengepakka i Nordhordland.

- Me trur dette er einaste løysinga for å sikra at det vert meir vegutbetringar i Nordhordland i løpet av dei neste 15 åra, og eg angrar ikkje på standpunktet vårt, seier ho. Brandvik bøyer seg ikkje i støvet for partibarometeret, og ho har framleis tru på at det er mogeleg å sikra eit fleirtal utan Frp i leiinga i Lindås. Ho trur Frp sitt kraftige fokus på bompengar tidleg i valkampen kan ha påverka resultatet av denne målinga.

Bom-motstand i folket

Meningsmåling for Meland og Lindås

84 prosent av folket i Meland er mot bompengepakka.

Foto: NRK

Ei meinningsmåling TNS Gallup har gjort for Bergensavisen og NRK Hordaland viser at rundt 70 prosent av folket i Lindås og rundt 80 prosent av folket i Meland er imot bompengepakka. Nordhordlandspakka fase 1 har alt fått kommunestyrefleirtal i alle kommunane i Nordhordland, utanom Meland.

Bompengestriden var stor i Lindås. Det er truleg der nei- partia har fått mest framgong, og der Arbeidarpartiet har fått mest pepar for si bompengestøtte.

Eit ferskt partibarometer for Meland viser derimot at KrF, som einaste parti som seier ja til bompengepakka, går litt fram. Og det same gjer bom-motstandarane i Framstegspartiet i Meland. Altsså er truleg ikkje bomsaka like avgjerande i Meland. Eit fleirtal av partia i kommunen har alt takka nei til bompengepakken, og dermed er det heller ingen parti som blir ståande som syndebukk for at kommunen går imot folkemeininga.