Hopp til innhold

Nynorsk-Hove vs. Bokmål-Hove

Harald Hove (V) vil etablere nynorsk litteratursenter. Harald Hove (Høgre) brenn nynorskbøker på bålet.

Bokmålsmann og Venstre-politiker Harald Hove seier han ønskjer å etablere ein møteplass mellom forfattarar og språkbrukarar i "den største nynorskbyen", og viser til Alexander Kielland-senteret i Stavanger.

 

Harald Hove

Harald Hove frå Venstre ønskjer å styrkje nynorsken ved å etablere eit nytt senter.

Foto: Scanpix / SCANPIX

- Eit slikt senter kan styrkje nynorske som bruksspråk, seier Harald Hove, førstekandidat på Hordaland Venstre si liste til Sunnhordland.

Han kan fort forvekslast med navnebror Harald Victor Hove frå Høgre, som brukte valkampen for to år sidan til å brenne nynorskbøker på bål.

- Skilnaden på oss to er at eg ikkje ønskjer å ha ei tvungen, skriftleg sidemålsform, seier Harald Victor Hove, sekretær for Bergen Høgre si bystyregruppe.

Han stiller seg likevel positiv til forslaget frå Harald Hove (V).

Harald Victor Hove

Harald Victor Hove frå Høgre er glad i nynorsk, så lenge han slepp å bruke det.

- I utgangspunktet synest eg ikkje dette er eit negativt utspel. Alt som kan bidra til å gjere språket meir interessant, er positivt, og ein slik treffstad kan nok vere spennande. Men det må vere valfritt, seier Harald Victor Hove (H).

Harald Hove (V) seier at kommune, fylke og private aktørar må gå saman for å få ferdig eit opplegg for litteratursenteret.

- Eg trur det er viktig med ei lokal forankring på Stord for at vi skal få dette til, seier han.