Hopp til innhold

- Skadar Universitetet

Fem forskarar frå Universitetet i Bergen og Haukeland sjukehus har i ni år vore knytt til forskingsjuks dei ikkje har vore med på.

Vart misbrukt: Fem norske forfattarar står framleis som medforfattarar på artikkelen.
Foto: Anders Kleivenes Orset / NRK

Det var i januar i fjor NRK kunne avsløre at fem norske forskarar vart misbrukt som medforfattarar i ein vitskapleg artikkel om parkinsonforsking i 1998.

Då forskarane sjølv oppdaga artikkelen i 2000 fekk dei namna sine offisielt fjerna, men då NRK denne veka kjøpte artikkelen frå det tyske forlaget Springer, var framleis dei fem norske forskarane med som medforfattarar.

- Skadar truverdet

- Slike ting kan skada truverdet vårt, meiner Prorektor ved Universitetet i Bergen Anne Gro Vea Salvanes.

Ho vil ha namna vekk. Og det ein gong for alle.

Fann aldri stad

Det var ein tyrkisk forskar, som hadde vore gjest ved dei to institusjonane i Bergen, som publiserte artikkelen i eit tysk medisintidsskrift i 1998.

I artikkelen skreiv han om forsøk på rotter. Men forsøka fann aldri stad, verken i Bergen eller i Tyrkia. Og då dette vart avdekka mista tyrkaren dei vitskaplege titlane sine.

Ville ha namna sine fjerna

Då dei norske forskarane oppdaga at deiras namn hadde vorte misbrukt, fekk dei offisielt namna sine fjerna frå artikkelen. Og medisintidsskriftet som hadde trykt artikkelen publiserte ei kunngjering frå dei norske forskarane om at dei ikkje hadde noko med arbeidet å gjera.

Men banda mellom forskarfusket til den tyrkiske forskaren og forskarane frå Bergen var ikkje heilt sletta slik meininga var.

Det ser Anne Gro Vea Salvanes alvorleg på:

- Eg har send ei oppfordring til forskarane om at dei må ta kontakt med forlaget for å få fjerna namna sine. Her må forlaget rydda opp.