Hopp til innhold

Ny musikkfestival med høy i høgsetet

For fyrste gong skal populærmusikken feirast i Hardanger. Får og hesjing står sentralt når Øystese inviterer til Bygdalarm. Dette er ikkje noko for dei med høysnue.

Fyller hesjene til Bygdalarm

Alvin Vestrheim og Arne Kristian Teigland hesjar til Bygdalarm

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

Øystese sentrum er i ferd med å fyllast opp av hesjer.

Når musikkfestivalen Bygdalarm byrjar til helga skal festivalområde vere innerama av staur, strengar og høy.

– Hesjene skal virka som gjerde mot naboane og som utsmykking, fortel Arne Kristian Teigland.

Teigland er festivalsjef når populærmusikken for fyrste gong skal feirast i Hardanger.

– Til vanleg er det felemusikk og Hardingtonar som er i fokus, seier han.

Kreftene bak festivalen bestemte seg for å fylle det kulturelle vakumet i regionen.

Snart inntek Odd Nordstoga, Sgt. Petter, The Alexandria Quartet og mange fleire Øystese.

Førebels er det berre selt rundt 500 billettar, men håpet er at salet vil ta seg opp dei neste dagane.

 

Profesjonell hesjehjelp

I ettermiddag byrja arbeidet med å fylle hesjene på festivalområdet. Pensjonistlaget og tre røynde hesjebasar var hyra inn som eksperthjelp.

Jan Teigland er far til festivalsjefen og hesjebas. Han synest ikkje at hesjing er nokon kunst.

– Det er berre å riste graset med laus hand og få hengt det opp, seier han.

Går alt etter planen er fleire hundre meter med hesjer fylt med høy når Bygdalarm opnar på fredag.

Lokal sjarmoffensiv

For å vinne fram i flaumen av festivalar har kreftene bak Bygdalarm valgt å satse på lokalt særpreg.

– Me serverer kun lokal mat, både til artistar og publikum, fortel festivalsjefen.

Han bør krysse fingrane for at alle er glade i sau, for her står lammekjøt sentralt.

Artistane får ein trerettars meny med mellom anna hardingpølse og lammelår.

– Det blir knask, trur Arne Kristian Teigland.