Hopp til innhold

Har vore virus-smitta i to veker

Hurtigruten gjorde ingenting.

 

M/S Midnatsol
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Dei første utbrota av NORO-viruset ombord på Hurtigruten blei oppdaga for flere veker sidan.

Likevel reagerte ingen i selskapets leiing, og viruset spreidde seg til fleire skip.

Gunnar Prestegard frå Voss var ombord på MS Midnatsol frå 10. mai til 15. mai.

Då var viruset så vidt begynt å blomstre.

- Vi merka det på at så mange bar maten ut frå restauranten. Først trudde eg at mange var blitt sjøsjuke, men det var så roleg sjø at eg tykte det var merkeleg. Først seinare skjøna eg at det var eit virus, seier han.

Først vart bordkavaleren hans frå Sverige dårleg, så fekk dei gamle skulekameratane magesjau, og då han kom heim, fekk Prestegard sjølv merke viruset.

Spreidde seg fort

Undervegs på turen var det tydeleg at dette var noko som spreidde seg fort.

- Det var snakk om ein fjerdedel av alle passasjerane, pluss fleire av dei tilsette. Eg snakka med ein av mannskapet som sa at det var omtrent 600 personar ombord, seier Prestegard.

Sjølv om mange vart sjuke av viruset, fekk passasjerane ingen informasjon frå mannskapet, i følgje Prestegard.

NRK har snakka med ein av dei tilsette i Hurtigruten, som seier at dei første av kollegaene hans oppdaga virus-utbrotet i begynnelsen av månaden.

Det gjekk altså opp mot tre veker før leiinga i selskapet reagerte.

Smittevernoverlege i Tromsø, Geir Severinsen, åtvara i helga Hurtigruten mot å ta imot 200 nye passasjerar, samtidig som dei hadde smitten ombord.

Bør få karantene

No får selskapet svi for at dei ikkje følgte råda, og Severinsen meiner MS Midnatsol bør ileggjast karantene. Men det kjem ikkje på tale, seier kommunikasjonsdirektør i Hurtigruten, Ragnar Norum.

- Vi har ikkje fått noko pålegg, og meiner det held å føreta ein fullstendig desinfisering av båten, seier Norum.

MS Midnatsol vert fem timar forsinka frå Bergen på søndag på grunn av desinfiseringa.