11.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Båtvask etter Serversøl

Rundt 150 fritidsbåtar vart tilgrist etter Serverforliset. Laurdag fekk nokre av dei organisert duppe-vask.

- No ser dei gullande fine ut, seier Harald Fotland i forsikringsselskapet Gard som var til stades under den organiserte vaskinga på Hellesøy i dag.

båtvask etter server (Foto: Anders Nøkling/NRK)

SKIKKELEG SPYL: Selskapet Franzefoss gjenvinning tok seg av båtvasken på Hellesøy laurdag.

Foto: Anders Nøkling/NRK

Profesjonell vask

Laurdag var det mellom 12 og 14 båtar som vart heist på land, duppa i kar, høgtrykkspylt og så satt på vatnet igjen. Forsikringsselskapet Gard hadde leig dinn Frantzefoss til å utføra jobben, og var nøgd med oppdraget. Seinare i veka blir yttarlegare seks båtar vaska på Hellesøy, og innan kort tid skal også rundt ti båtar få profesjonell vask i Austrheim.

150 båtar fekk oljesøl

Forsikringsselskapet har motteke 150 krav frå privatpersonar etter oljesølet etter forliset. Dei fleste av desse har valt å ta imot ei godgjersle for å vaska båten sin sjølv.  Men nokre har altså valt å få jobben gjort av profesjonelle.

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland