Hopp til innhold

Barneheimsbarn får betalt

Første person på Vestlandet har fått erstatning frå staten for overgrep på barneheim.

Sommaren 2005 endra Stortinget reglane for erstatning til barneheimsbarn. Det medførte at barn som budde på barneheimar eller i fosterheim frå 1945 til 1993 hadde krav på opptil 300.000 kroner i erstatning.

Dette gjaldt såkalla billighetserstatning for overgrep, samt tapt skulegong som følgje av flytting.

Bergens Guttehjem på Garnes
Foto: Arkivfoto

- Endeleg innvilga

No har meldinga om at første person på Veslandet har fått kravet sitt innvilga.

- Det er ille at folk har måtta venta så lenge, men det er flott at det endeleg skjer noko i Oslo, seier Lisbeth Lindberg Strand, talsperson for dei tidlegare barneheimsborna.

Ho fortel at det som betyr mest for personen som no har fått erstatning er at han har blitt trudd på alle punkt.

1400 har søkt

Til no har omlag 1400 personar søkt Justissekreteriatet om slik erstatning. Barneheimssakene blir behandla i eit erstatningsutval for barneheimssaker.

Mot 145 saker i 2004 og 549 i 2005, mottok utvalet 709 saker om billighetserstatning i fjor. Per første mars i år er det kome inn 169 søknader.

Til no er 26 søknader behandla, berre fem er avviste.