26.05.2012
SISTE FRA NRK.NO

Geiter med sommarjobb

Illustrasjonsfoto: Arild Nybø/NRKIllustrasjonsfoto: Arild Nybø/NRK

150 geiter er hyra inn for å rydda ugras ved toglinja langs Bergensbanen.

Vegetasjonen veks meir og meir, og geitene skal erstatta farlege sprøytemiddel. Men noko hardkøyr vert det ikkje på dei firbeinte.

- Me skal ikkje pressa dei altfor hardt. Dei liker skog og nye skot, men litt anna godt skal dei óg få med jamne mellomrom, fortel Helge Kjellesvik, som er leiar for stasjonsdriften på Bergensbanen.

Sperrar utsikten

Dei siste åra har vegetasjonen langs Bergensbanen auka kraftig. Buskar og tre sperrar utsikten for togturistane, og kan i verste fall hindra toga i å koma fram.

Kurt Oddekalv (foto: NRK)Kurt Oddekalv (foto: NRK)

Tidlegare har meir miljøfiendtlege sprøytemiddel blitt brukt for å få kontroll med problemet.

Miljøvenleg

Norges Miljøvernforbund har tidlegare meldt Jernbaneverket til politiet i samband med sprøyting langs Bergensbanen. Leiar Kurt Oddekalv ynskjer no geitene hjarteleg velkomne.

- Det kan kanskje høyrast litt latterleg ut for folk, men eg trur faktisk at det er slike metodar me treng. At ein tør å prøva ut noko nytt. All æra til Jernbaneverket, seier Oddekalv.

Prøveprosjekt

I fyrste omgong er Aurland og Gol prøvestadene, og det er lokale bønder som leiger ut dyra. Dersom prosjektet blir vellukka, kan det bli langt fleire geiter å sjå langs togstrekninga mellom Bergen og Oslo.

Se også

Siste: NRK Hordaland