Hopp til innhold

Dokumentarfilm gjer det godt på kino

Det er gode tider for norsk dokumentarfilm på norsk kino. – Det blir meir og meir av det på kino, seier dokumentarfilmdistributør.

Flink pike

SUKSESS PÅ KINO: «Flink pike» er ein feelgoodfilm om depresjon, av og med dokumentaristen Solveig Melkeraaen. Dokumentarfilmen gjer det godt på kino. Biletet er henta frå filmen.

Foto: Pressefoto

Tor Fosse

DISTRIBUERER DOKUMENTARFILM: Tor Fosse i bergensselskapet Tour de Force distribuerer dokumentarfilm.

Foto: Bergen Internasjonale Filmfestival

– Norske dokumentarfilmar går omtrent like bra som norske spelefilmar på kino, og me er veldig nøgd med det, seier dokumentarfilmdistributør Tor Fosse i bergensselskapet Tour de Force.

Det er framleis veldig få dokumentarfilmar på norsk kino, og på filmtopplistene ligg desse langt under dei mest populære spelefilmane.

– Så lenge kinosjefane er med på å vise dokumentarfilm, så kjem publikum. Det er eigentleg kinosjefane det står på, seier Fosse, som også er programsjef ved Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF).

– Innanfor dei hundre beste

Sist helg var likevel dei to norske dokumentarfilmane «Flink pike» og «Bjørnøya» blant dei 30 best besøkte filmane sist helg.

– «Flink pike» låg vel på femte eller sjette plass ei veke her no nyleg, så det bar me veldig nøgde med, seier Tor Fosse i Tour de Force.

Birgitte Langballe i Norsk Film&Kino

HYGGJELEG: Birgitte Langballe i Norsk Film&Kino meiner det er hyggjeleg at norsk dokumentarfilm gjer det godt på kino.

Foto: Helge Hansen

Hittil i år er premierehelgbesøket for to norske blant dei hundre beste på norske kinoar. Året før var det ingen.

– Både «Flink pike» og «En prest og en plage» ligg akkurat innanfor, seier kommunikasjonssjef i bransjeorganisasjonen Norsk Film&kino, Birgitte Langballe.

Dei to norske dokumentarfilmane «Flink pike» og «En prest og en plage», sine premierehelger gav plass nummer 87 og plass nummer 90 på lista.

– Dei siste åra har det faktisk vore norske dokumentarfilmar som har gjort det ganske godt på norske kinoar, og det er veldig hyggjeleg, seier Langballe.

Rekord tilbake i 2001

"Optimistene"

SUKSESS: I dokumentarfilmen «Optimistene» møter ein volleyball-laget Optimistene som har 15 medlemmer som er frå 66 til 98 år gamle. Dei møtest ein gong i veka for å trene.

Foto: Norsk filmdistribusjon og Skofteland Film

Kvart år har omtrent fire dokumentarar selt over 10 000 billettar. Det er ikkje akkurat like høgt som fjorårets «Doktor proktors prompepulver» eller «Jul i Flåklypa», men altså definert som godt for dokumentarfilm.

– «Folk ved fjorden» og «Til ungdommen», «Supervention», og «Optimistene» har jo hatt veldig godt besøk, seier Birgitte Langballe i Film og kino.

– Som likevel ikkje kan samanliknast med «Heftig og begeistret», koret frå Nord-Noreg?

– Den filmen må ein kunne seie tok heilt av og fekk eit fantastisk godt besøk, seier Langballe.

Heile 600 000 billettar til «Heftig og begeistret» vart selt i 2001, og med det besøkstalet er denne dokumentarfilmen tidenes mest sette norske dokumentarfilm.

(Saka held fram under biletet)

Heftig og begeistret

REKORD: «Heftig og begeistret» frå 2001 har framleis rekorden når det gjeld besøkstalet på kino for norsk dokumentarfilm.

Foto: Filmweb

– Veit aldri kva som slår an

Tor Fosse i Tour de Force meiner at suksessen til «Heftig og begeistret» var ein vitamininnsprøyting og gav eit godt grunnlag for norsk dokumentarfilm på kino.

Sjølv om rekorden til filmen frå 2001 er vanskeleg å slå, er Fosse nøgd med situasjonen til norsk dokumentarfilm.

Det medan kommunikasjonssjefen i Film og Kino meiner publikumsinteressa for dokumentar på kino er heller stabil enn aukande.

– Det er ingenting som tyder på at det har vore noko aukande besøk på dokumentar, men det er klart at det innimellom kjem filmar som treff ein streng hjå publikum, og då kjem publikum på kino, seier Birgitte Langballe.

– Sjølv om det i år kan bli lite besøk på dokumentarfilm kan det neste år komme noko igjen, og ein veit aldri heilt kva som slår an, seier ho.

Ynskjer utanlandsk dokumentar

Bjørnøya

«Bjørnøya»: Dei tre brørne Inge, Håkon, og Markus Wegge slutta i jobbane sine og følgde draumen sin. Dei flytta til Bjørnøya i Barentshavet, eit stykke sør for Spitsbergen. Dei ville surfe ein stad ingen hadde surfa før.

Foto: Tour de Force

Tor Fosse innrømmer at dokumentarfilm har litt mindre besøk i år, samanlikna med i fjor. Han meiner det kan skuldast at «Søsken til evig tid» gjekk bra i fjor.

Han seier den dokumentarfilmen, med totalt 40 672 besøk, selde ti gonger meir enn kva Norsk Filminstitutt venta. Suksessen til denne og andre dokumentarfilmar er noko Fosse som distributør merkar.

– Etter at me har fått til desse filmane som «Søsken til evig tid», «En prest og en plage», «Flink pike», også til dels «Bjørnøya» så merkar me eit stort renn av folk som kjem til oss som distributør, fordi dei vil ha filmane sine ut på kino, seier han.

– Me har meir enn nok å henge fingrane i framover. Kinosjefane i Noreg er mest opptatt av norske filmar, så utfordringane ligg i når du har ein god utanlandsk dokumentarfilm og du gjerne vil at den skal gå på kino i Noreg, seier han.

Er det dumt at norske kinosjefar prioriterer norske dokumentarfilmar?

Nei, det er veldig bra og veldig positivt, men me skulle ynskje at me også fekk utanlandske dokumentarfilmar på norske kinoar, seier Fosse.