Hopp til innhold

– Svært mange døyr av livsstilssjukdommar

Psykiater Siri Nome har sett nærare på dødsfall ved Sandviken psykiatriske sjukehus i ein 20-årsperiode. Statistikken forskrekka ho. – Livsstilssjukdommar tek livet av svært mange pasientar, og helsestellet har ignorert problemet.

Siri Nome og Sandviken psykiatriske sjukehus

KREV ENDRING: Psykiater Siri Nome ved Sandviken psykiatriske sjukehus i Bergen har sett nærare på dødsfall i ein 20-årsperiode. Statistikken forskrekka ho, og no krev ho at helsevesenet behandlar psykiatriske pasientar annleis.

Foto: Leif Rune Løland / NRK/montasje

Det kan verke som at med ein gang nokon har ein psykisk liding, så gløymer helseapparatet at ein også har ein kropp.

Fagsjef Else-Marie Løberg i Helse Bergen

I ein 20-årsperioden har psykiateren studert dødsfall ved Sandviken psykiatriske sjukehus i Bergen. Sjukehuset har sidan 90-talet fått færre sengeplassar. Etter mange år med stabilt pasienttal, blei det etter 1995 plutseleg dobla på under ti år.

– Frå midten av 90-talet såg vi at det begynte å auke kolossalt med pasientar som kom inn. Parallelt med det såg vi at mange av desse døde, fortel Nome til NRK.

Ho har jobba ved Sandviken psykiatriske sjukehus i Bergen i 26 år, og har dei siste 15 åra jobba som leiar for Helse Vest sitt kompetansesenter for tryggleikspsykiatri.

I dag skal ho forsvare si doktorgradsstudie av utviklinga på 90-talet. Doblinga i talet på pasientar skjedde samtidig med omorganiseringa til meir desentralisert psykiatri i staden for sjukehusinnlegging.

Forskrekka over tala

Sigaretter

LIVSSTILSSJUKDOM: – Vi veit at dødsfalla er knytt til livsstilssjukdommar, kanskje særleg røyking, passiv livsstil, mat og diett, seier Else-Marie Løberg i Helse Bergen.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Nome har undersøkt sjukehistoria til 4500 førstegongspasientar. Heile 18 % døydde i 20-årsperioden. Dei aller fleste av naturlege årsaker, særleg hjarte/kar-sjukdom, og nesten halvparten døydde under to år etter sjukehusopphaldet

– Eg var forskrekka over dei naturlege dødsfalla. Det var så mykje. Hjå pasientane har det vore dårleg med mosjon, fedme, dårleg kosthald og livsførsel.

– Har dei blitt ignorert?

– Ja, svarar Nome.

– Det går ikkje an å la dette halde fram når vi har den kunnskapen vi har. Då ser det ut som vi ikkje tek dei på alvor.

– Vi gløymer kroppen

Else-Marie Løberg er fagsjef for psykisk helse i Bergen. Ho vedgår at det er stort forbetringspotensial på området.

Eg var forskrekka over dei naturlege dødsfalla. Det var så mykje.

Siri Nome

– Det kan verke som at med ein gang nokon har ein psykisk liding, så gløymer helseapparatet at ein også har ein kropp.

Løberg viser til internasjonale studiar som syner at menneske med alvorlege psykiske lidingar døyr rundt 15 til 20 år tidlegare enn normalt.

– Det er særleg dei siste åra at den forkorta livslengda har blitt snakka mykje om. Utfordringa er korleis ein skal få til betring i praksis, forklarer Løberg.

Har sett i gang tiltak

Ho seier Helse Bergen jobbar med dette og har ei rekke med tiltak som skal prøvast ut.

– For det første må vi jobbe med livsstilsendring, og vi må auke tilgjengelegheita av legetenester. Vi må ha tettare samarbeid mellom fastlegar og legespesialistar.

– Vi veit at dødsfalla er knytt til livsstilssjukdommar, kanskje særlig røyking, passiv livsstil, mat og diett. Men i tillegg så er det denne gruppa menneske underbrukarar av legetenester. Saman gir det ein skremmande statistikk, seier Løberg.

Psykiater Nome er samd og seier psykiatrisk helsevern og allmennhelsetenesta må gjera noko annleis.

– Det er eg veldig opptatt av. Vi må tenke på den fysiske helsa til dei psykiatriske pasientane. Det må vi verkeleg gjera noko med, systematisk, avsluttar Nome.