Hopp til innhold

– Ei naiv vurdering frå retten si side

Bistandsadvokat reagerer kraftig på at den sokalla "Lommemannen" no slepp fri på prøve. – Eg trur ikkje han har rehabilitert seg på dei åra han har vore i fengsel.

Line Hvidtsten Ingebrigtsen

BISTANDSADVOKAT: Line Hvidtsen Ingebrigtsen seier hennar klientar er skaka over at den overgrepsdømte 62-åringen no slepp fri på prøve.

Foto: Mette Anthun / NRK

Rettstegning fra Lommemann-rettssaken

SLEPPT FRI PÅ PRØVE: Rettspsykiatarane meiner Erik Andersen ikkje lenger er pedofil.

Foto: Tegning: Ester Bjørneboe

Under rettssaka mot 62-åringen frå Bergen var Line Hvidsten Ingebrigtsen bistandsadvokat for tre av offera. Eit samrøystes Asker og Bærum tingrett har i dag bestemt at den sokalla "Lommemannen" kan sleppast fri på prøve, etter å ha sona minstetida av forvaringsdommen på ti år som han fekk i desember 2010.

– Eg tenkjer at det er ei naiv vurdering frå retten si side, seier Hvidsten Ingebrigtsen til NRK fredag.

Rettspsykiatrane meiner at Erik Andersen ikkje lenger er pedofil. Frå tidlegare å ha hatt sterke teikn på narsissisme skal den overgrepsdømde no har vist evne til empati og forståing for at han har påført sine offer store skadar, meinte rettspsykiatrane når saka var oppe for tingretten i førre veke.

– Dei er skaka

Men bistandsadvokat Hvidsten Ingebrigtsen festar liten tru til vurderingane frå rettspsykiatrane.

– Eg trur ikkje han har rehabilitert seg på dei åra han har vore inne. Han er veldig kalkulerande og veit akkurat korleis han skal oppføre seg for å få det som han vil.

Klientane til bistandsadvokaten har i dag blitt over 18 og 19 år gamle.

– Eg har informert dei så vidt om dommen i dag. Dei er skaka og føler dei ikkje er blitt tatt på alvor.

Erik Andersen vart dømd til forvaring i 10 år for overgrep mot 66 unge gutar. Han sat i varetekt i nesten tre år før dommen kom, og har derfor vore fengsla i minstetida på sju år.

Reagerer på rehabiliteringstid

Advokat Lars Martin Ramsland var bistandsadvokat for tre av dei som vart utsette for overgrep, av dei ein av dei mest alvorlege tilfella. Ramsland seier til NRK at det ikkje er uventa at 62-åringen no blir sleppt fri, sett i lys av avgjerda til Høgsterett i NOKAS-saka der forvaringsdømde Kjell A. Schumann fekk innvilga prøvelauslating.

– Men eg undrar meg framleis over at rehabiliteringa av Andersen er gjennomført på berre fire år. I tillegg tykkjer eg det er underleg at folk som er dømd til forvaring har moglegheita til å sleppa fri før dei som er dømd til utan vilkår fengsel. Det må politikarane gjera noko med, seier Ramsland til NRK fredag.

Han seier det er positivt at 62-åringen i saksbehandlinga har erkjent overgrepa og har uttrykt forståing for at han har påført offera sine store skader.

– Det er eit steg i riktig retning, og mine klientar ynskjer no ro og fred. Ingen av dei er i geografisk nærleik til han, så dei fryktar ikkje å møte han. Det er eit tilbakelagt stadium, avsluttar bistandsadvokaten.

Nøgd med strenge vilkår

Gunhild Lærum

Forsvarar Gunhild Lærum trur ikkje dommen blir anka.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Gunhild Lærum er forsvarar for Andersen i saka om prøvelauslating.

– Dommen er i samsvar med argumenta våre, og eg er sjølvsagt nøgd med resultatet ut frå bevisa som er lagt fram og gjeldande juss, seier Lærum til NRK.

Ho seier det ikkje er fare for gjentaking.

– Retten har gjort ein konkret vurdering og har funne at vilkåra for å halda han i forvaring ikkje er til stades. Då skal han sleppast fri, seier Lærum.

I dommen slår tingretten fast at Andersen ikkje kan forlata Hordaland fylke, og han kan ikkje ha kontakt med barn under 16 år utan at vaksne er til stades.

– Det samtykka vi til. Det er viktig ovanfor dei fornærma og i forhold til kvar han skal bu. Dei må føle seg trygge og vite kvar han er, så det er viktige vilkår og dei set vi pris, seier Lærum.