Hopp til innhold

Ligg i kø for å føde før september

Dei siste åra har juli og august vore høgsesong for fødslar. – Det kan ha noko med barnehageopptaket å gjere, seier jordmor Gunn Gabrielsen ved Kvinneklinikken på Haukeland.

baby

BABYBOOM: Dei siste åra har juli og august vore høgsesong for fødslar, seier Gabrielsen. Ho meiner noko av årsaka kan vere at ein sidan 2009 har vore sikra barnehageplass dersom ein føder før 1. september. Dette tvillingparet blei fødd på Kvinneklinikken 12. juli i år.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– No er det veldig travelt. Det er fullt på alle fødestover, og her blir det no fødd om lag eit barn i timen, seier overjordmor ved Kvinneklinikken på Haukeland, Gunn Gabrielsen.

Gunn Gabrielsen

– TRAVELT: – Det er fullt på alle fødestover, og her blir det no fødd om lag eit barn i timen, seier overjordmor ved Kvinneklinikken på Haukeland, Gunn Gabrielsen.

Foto: Marita Skeie / NRK

Dei siste åra har juli og august vore høgsesong for fødslar, seier Gabrielsen. Ho meiner noko av årsaka kan vere at ein sidan 2009 har vore sikra barnehageplass dersom ein føder før 1. september.

– Det har vore spekulert i at det har med barnehagesøknaden å gjere. Men det er vanskeleg å vite det sikkert.

I følgje Helse Nord skuldast ikkje auken i fødslar på sommaren, ei forskyvning frå hausten, men ei forskyvning frå våren. Trenden i Noreg er altså at ein ser fleire fødslar på sommaren og færre på våren.

LES OGSÅ: Jakter desperat på barnehageplasser - NRK – Norge

– Mange planlegg opp mot barnehageopptaket

Renate Reknes Ynnesdal

Renate Reknes Ynnesdal har akkurat født ei jente og seier ho trur mange planlegger å bli gravide slik at det passar med barnehageopptaket.

Foto: Marita Skeie / NRK

I november til januar er det rolegare på Kvinneklinikken med 13 fødslar per døgn.

Renate Reknes Ynnesdal har akkurat født ei jente og seier ho trur mange planlegger å bli gravide slik at det passar med barnehageopptaket.

– For oss var ikkje det noko medvite val at me fekk ho akkurat no. Men eg veit det er mange som kanskje legg det opp slik at det passar med barnehageopptaket.

– Mange gjer eit medvite val om når dei skal få eit barn.

LES OGSÅ: Skuffet over barnehageopptak - Telemark

24 barn fødde på eit døgn

Det er travelt på Kvinneklinikken i desse dagar. Dagen før NRK besøkte fødestova blei det fødd 24 barn på klinikken.

Kvinneklinikken i Bergen

HØGSESONG FOR FØDSLAR: Dei siste åra har juli og august vore høgsesong for fødslar ved Kvinneklinikken på Haukeland sjukehus.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Så mange barn på ein dag, det er travelt, seier Gabrielsen.

– Me jobbar på, og brukar mykje tid på planlegging og logistikk. Me må vere der når mor er i aktiv fødsel, ta i mot barnet og flytte dei over til barselavdelingane.

Juli og august er ikkje berre høgsesong for barnefødslar, men også ferietid.

– Om sommaren jobbar me heile tida, alle saman. Det er lite fritid for jordmødrer og barnepleiarar som jobbar hos oss. Mange jobbar ekstravakter, men me skal jo ha ferie me òg som alle andre.

At det er travelt på Kvinneklinikken taklar dei tilsette bra, meiner Ynnesdal.

– Dei har det frykteleg travelt. Men det tykkjer eg dei handterer det veldig bra. Me har hatt det fint her.

Gabrielsen er òg godt nøgd med yrket ho har valt seg sjølv om det er travelt.

– Det er eit veldig spennande yrke me har. Det er ei glede for kvart barn som kjem.

LES OGSÅ: Får ikke barnehageplass - NRK – Trøndelag