Hopp til innhold

Vil skattlegge innsegling til fjordane

Reiselivsaktørane slår alarm og vil ha strengare regulering av cruisenæringa. Å pålegga reiarlaga skatt for å få segla inn i fjordane er deira ønske.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Ei ny studie viser at for kvar nye tyske cruisegjest, forsvinn tre tyske gjestedøgn på land. No vil reiselivsaktørane pålegga cruisenæring skatt, då dei fryktar at aukande cruisetrafikk kan øydelegga Vestlandet som reisemål.

Fleire reiselivsaktørar ønsker at cruisenæringa bør påleggast skatt for å få segla inn i fjordane, då dei fryktar at aukande cruisetrafikk kan øydelegga Vestlandet som reisemål.

  • SJÅ OGSÅ: En halv meter ekstra var nok
    Utne

    VIL PÅLEGGA SKATT: Barbara Zanoni Utne, direktør ved Hotel Ullensvang, meiner at politikarane må ta eit val.

    Foto: NRK

Ei av desse er Barbara Zanoni Utne som er direktør ved Hotel Ullensvang. Ho driv hotell i Hardanger og meiner at politikarane no må ta eit val.

– Vi har verdas mest attraktive naturbaserte reisemål, og det er ganske oppsiktsvekkande at ein gjev bort eit premiumprodukt til kroner null, seier Utne.

I 2013 var det heile 2187 cruiseanløp til 41 hamnar, med til saman 2 982 594 dagsbesøk i Norge.

Cruiseskipa er flytande hotell der gjestane har alt dei treng om bord. Mellom 20 og 40 prosent går aldri i land, ifølge Universitet i Bergen. Utan strengare regulering trur Utne at reiselivet på land er dømt til å tapa kampen.

– Dei legger til rette sånn at gjestane bruker mest mogleg tid om bord på båtane, så uansett kva vi gjer så kjem vi til å sitta igjen med småpengar, meiner Utne.

graf

FÆRRE GJESTEDØGN: Samanhengen mellom overnattingar og cruise til Norge, viser at kvar nye cruisegjest svarar til 3 færre tyske gjestedøgn.

Foto: REISEPOL

– Styresmaktene er naive

Utne får støtte også frå andre tunge aktørar.

– Dei burde sjå nærmare på det som skjer, seier Kjetil Smørås, tidlegare styreleiar i Fjord Norge.

Han meiner at styresmaktene er naive i forhold til cruiseindustrien.

– I dag er det slik at våre naturressursar gjev inntekter til andre aktørar enn reiselivet på land, seier Smørås.

Gjestedøgn forsvinn

Ei ny studie viser at for kvar nye tyske cruisegjest, forsvinn tre tyske gjestedøgn på land.

– Dette er dramatisk for dei bedriftene dette gjeld. Vi ser at reiselivet i distrikta og spesielt overnattingsbedriftene slit mange stader, seier Kåre Sandvik, professor og prosjektleiar i Reisepol.

Norge er no den fjerde største cruisedestinasjonen i Europa. Utne meiner no at den mektige industrien må betala skatt for å få segla inn i fjordane.

– Ein må bidra for å kunna nytta noko så unikt. Naturen må ha ein pris, og verdispørsmålet av naturen må opp på eit nasjonalt nivå. Politikarane må ta tak i dette, seier Utne.

fwefrwer

UREALISTISK: Professor Sandvik trur det er urealistisk å pålegge skatt for å segla inn i fjordane.

Foto: NRK

Men professor Sandvik trur dette er urealistisk.

– Cruiseselskapa betaler allereie i dag hamneavgift, momsavgift og sikkert fleire andre avgifter, meiner han.

Vil ha cruisepassasjerane

I Eidfjord ligg cruisekaien rett utanfor hotellet. Sjølv om cruisepassasjerane legg igjen minst pengar av alle turistar, så er dei viktige for Eidfjord, meiner Marit Stadheim dagleg leiar i Destinasjon Eidfjord.

– Eg tenker at viss summen er 300kr per cruisepassasjer, som det er her i Eidfjord, så er 300 gonge 100.000 passasjerar i året til saman ganske mykje pengar, seier Stadheim.