Hopp til innhold

Kvikksølvjentene får den endelege dommen

Bertha (72) fekk livet øydelagd etter å ha jobba som tannlegeassistent. Når ankesaka mot Nav startar tysdag, går den årelange kampen hennar mot staten mot slutten.

Bertha Regine Serigstad

MÅT TIL HØGSTERETT: Bertha Regine Serigstad (72).

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll / NRK

Vi kan forstå at det er vanskeleg. Av og til treng vi høgsterett til å avklare juridiske tolkingar.

Kjersti Monland i Nav

– Dei skulle berre stått over dei flammane sjølv, så kunne dei kjent. Å stå der i 15 år...

I går sette Bertha Serigstad seg på toget til frå Stavanger til Oslo med mål om å avslutta den årelange kampen. Frå ho var 18 år smelta tannlegeassistenten kvikksølv og kopar til tannfyllingar heilt utan verneutstyr.

– Vi gjekk svarte i hendene heim kvar einaste dag. Til slutt fekk vi ein klut til å ha i hendene, men ingenting til andletet. Dei burde forstå at det var farleg. I dag er det jo ikkje kvikksølv på nokre tannlegekontor, seier Serigstad, i dag 73 år gamal.

Levde i uvisse i 50 år

Plagene kom fort, men det skulle gå nesten 50 år - halvparten som uføretrygda - før ho fatta mistanke om kva hovudpina, mangelen på søvn og alle dei andre plagene ho helst ikkje vil snakka om kom frå.

Eg synest det er dårleg, og stemoderleg behandling av staten.

Advokat Øyvind Vidhammer

I 2005 avdekte NRK Brennpunkt overhyppigheit av dei same plagene som Bertha hadde hatt hjå kvinner som hadde hatt same yrke på 60- 70- og 80-talet. Det kom fram at tannhelseassistentane hadde vorte utsett for kvikksølv-nivå langt over det forsvarlege.

– Det har gått på hukommelsen. Det er ikkje så gale no når eg er gamal, det var verre når eg var ung og ikkje hugsa. Og så har eg jo veldig mykje smerte. Det er ei heil pakke eg har fått, slik som nesten alle dei andre.

Først slo yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus fast at det var svært sannsynleg at det var arbeidet med kvikksølv som hadde gjort Bertha sjuk, så innstilte det lokale Nav-kontoret på yrkesskadeerstatning - noko som vart avslått av Nav sentralt.

– Dei har blitt dradd fram og tilbake

Deretter tapte ho saka i trygderetten, før ho vann ankesaka i lagmannsretten. Men då anka Nav - og denne veka kjem saka opp for høgsterett.

Advokat Øyvind Vidhammer har representert fleire av dei tidlegare tannlegeassistentane som ventar i spenning på kva høgsrett konkluderer med. Han meiner kvinnene hadde fått erstatning om dei hadde vore menn som jobba i industrien.

– Eg har jobba med denne saka i sju-åtte år, samstundes har eg handtert ei rekkje andre liknande saker. Kvikksølvsakene har blitt for strengt vurdert samanlinkna med meir tradisjonelle yrkessjukdomskadar. I dei meir mannsdominerte yrka er det lettare å få gjennomslag, meiner Vidhammer.

Han meiner kvikksølvsakene burde vore over for lenge sidan.

– Eg synest det er dårleg, og stemoderleg behandling av staten. Dei har blitt dradd fram og tilbake i systema i årevis utan avklaring. Alle hadde vore tent med at desse sakene hadde fått ei avgjerd på eit langt tidlegare tidspunkt, seier han.

Nav vil ha avklaring av lovverket

Kjersti Monland, ytelsesdirektør i Nav, seier dei ankar fordi dommen i lagmannsretten bryt med deira praksis på området.

– Difor har vi behov for å få ei avklaring på korleis vi skal forstå regelverket i desse sakene.

– Kva blir konsekvensen dersom det kjem ein likelydande dom i høgsterett?

– Vi avventar dommen, og gjer ei gjennomgang i etterkant av det, seier Monland.

Det har gått på hukommelsen. Det er ikkje så gale no når eg er gamal, det var verre når eg var ung og ikkje hugsa.

Bertha Serigstad

Åtte og eit halvt år etter Brennpunkt-dokumentaren er det mange som meiner det har gått for lang tid.

– Vi kan forstå at det er vanskeleg. Av og til treng vi høgsterett til å avklare juridiske tolkingar, seier Monland.

– Føler de dykk framleis usikre på at det var kvikksølv som gjorde at mange av tannlegeassistentane blei sjuke?

– Dommen i lagmannsretten bryt jo med praksisen vår, og difor så har vi behov for å få ein avklaring på korleis vi skal tolka det regelverket, seier Nav-direktøren.

– Synest det er ille

Berre nokre svært få av tannlegeassistentane har fått erstatning. Eit titals kvinner ventar i spenning på kva høgsterett kjem fram til. Det verste for Bertha Serigstad er at svaret uansett kjem for seint for nokon av dei.

– Dei ventar på at folk skal falla av lasset. Og eg veit om menneske som har falt av lasset. Det synest eg er ille.